– Eg føler politiet oppførte seg provoserande, seier Morten Frantzen med tydeleg merke i panna etter at han blei lagt i asfalten.
– Eg føler politiet oppførte seg provoserande, seier Morten Frantzen med tydeleg merke i panna etter at han blei lagt i asfalten.

Melde politiet til politiet

Morten Frantzen frå Skafså blei lagt i bakken av to polititenestemenn på Dalsmarken laurdag for to veker sidan. Han meiner dei handla utan grunn, og har no meldt tilfellet.

Laurdag kveld for to veker sidan under Dalsmarken var det samla ganske mange ungdomar utanfor Elvarheim på Dalen. Etter ei tid kom to polititenestemenn innom plassen for å sjå. Det enda med at ein person blei lagt i bakken.

– Det var god stemning på plassen utanfor Elvarheim, og sjølv om det blei nytt alkohol, var det ikkje bråk av nokon slag, seier Morten Frantzen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Provoserande oppførsel

– Måten politiet oppførte seg på var provoserande, meiner Stian Frantzen, som var sjåfør denne kvelden.

– Det heile starta med at politiet tydelegvis var ute etter enkeltpersonar, men dei var rett og slett uhøflege mot alle på staden. Skal dei vinne respekt frå ungdomen må dei heller spele på lag enn å opptre som tøffingar, legg Morten Frantzen til.

– Stemninga blei veldig dårleg etter kvart som politiet berre heldt fram med oppførselen sin. Dei kan ærleg talt ikkje møte folk med slike haldningar som me var vitne til denne kvelden. Klarer dei ikkje å takle fulle ungdomar, så bør dei ikkje ha vakt i helgene, meiner Stian.

– Ampert etter kvart

I fylgje syskenborna Frantzen hamna etter kvart fleire i diskusjon med dei to tenestemennene, og stemninga blei veldig amper. Så skjedde det noko som overraska dei.

– Eg skulle flytte bilen, og for å sleppe å rygge blant alle dei fulle ungdomane, køyrde eg litt innpå plenen for å snu. Det lika politiet dårleg og gav meg ei åtvaring. Det kunne nesten virke som dei måtte finne på noko, forklarer Stian.

Åtvaring

– Då blei eg irritert, og spurte kva det skulle bety. Ei åtvaring for å ha gjort noko som eigentleg var rett. Eg spurte kvifor Stian fekk åtvaring, men det ville ingen av dei svare på. Då bad dei meg fjerne meg frå staden, men det nekta eg. Dei hadde ærleg talt ikkje nokon grunn til å vise meg bort. Har ein ikkje love å snakke til politiet, så skjønar eg ingen ting. Dermed tok dei tak i armane mine, vreid dei rundt og la meg i bakken. Med armane i låst grep var det hovudet som trefte asfalten fyrst og eg fekk ein skikkeleg kul og blodet rann frå panna. Så sette båe to seg på ryggen og vrei armane mine endå meir. Til slutt svartna det for augo mine, og det neste eg hugsar er at eg låg på bakken med armane rett ut. Då var visst politiet på veg vekk, og ein av dei andre ungdomane på staden hjelpte meg bort til ein benk og turka blodet av meg, seier Morten Frantzen.

Melde politiet

Han kraunar framleis over å ha vondt i båe armane og i skuldra, i tillegg til skrubbsåret i panna.

– I tillegg reiste politiet frå staden utan å sjekke korleis det stod til med Morten, skyt Stian inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til meir eg tenkte over saka, dess sikrare blei eg på at dette var uhøvisk framferd av politiet. Tysdag i førre veke bestemte eg meg for å melde hendinga til politiet, og det gjorde eg hjå lensmannen i Kviteseid. Saka skulle då bli vidaresendt politimeisteren i Telemark fekk eg beskjed om, forklarer Morten.

Han har ikkje stor tru på at det kjem noko ut av meldinga, men han meiner polititenestemennene bør få seg ei skrape for hendinga.

– Skremmande haldning

– Haldninga til politiet denne kvelden var skremmande, seier Morten Frantzen som tidlegare ikkje har hatt noko med politiet og gjort, i fylgje han sjølv.

– For oss som såg på virka det heile unødvendig brutalt. Rett nok såg eg at Morten prøva å kome seg laus frå politiet, men dei kan ikkje oppføre seg slik. Då dette gjekk føre seg var det fleire av dei unge på staden som blei hysteriske og fekk panikk. Morten huva ganske fælt, og det blei som sagt veldig dramatisk. Politiet må lære seg å tole kritikk, og denne hendinga var i aller høgste grad kritikkverdig, avsluttar Stian Frantzen.

Politiet ynskte ikkje å kommenter denne saka då VTB tok kontakt.