Messe i Kviteseid gamle kyrkje

I om lag tjuge år har det vore tradisjon med ei særeigen lysmesse i Kviteseid gamle kyrkje fredagen før helgemesse-sundag. Slik også i år; i morgon, 1. november, er alle velkomne til ei stille og vakker gudsteneste, der Kvitsundrussen stiller opp med kor og medliturgar. I år er prost Asgeir Sele frå Bø liturg, og det vert nattverd og ofring til russens misjonsprosjekt. Kyrkja har ikkje oppvarming, så det klokt å kle seg godt, men sjølve messa brukar å vere ei varm oppleving.