I heile vestfylket har folk fått mykje snø å bakse med.
I heile vestfylket har folk fått mykje snø å bakse med.

Meterdjupe fenner

Over heile Vest-Telemark lava snøen ned både i adventstida og i jolehelga. Eit mildvêr, som førte til regn også i høgfjellet, fekk snøen til å søkkje saman. Likevel er snødjupda vel meteren.

«Tale om heimsleg. Snø og granskog er heimsleg». Slik lyder starten av Tarjei Vesaas’ dikt «Snø og granskog» (Kjeldene, 1946). Somme vil vel kanskje påstå at vinteren hittil har vore i overkant heimsleg. I alle fall dei som har måtta moka snø vekk utanfor vindaugo for i heile tatt å kunne sjå ut på det andre omtalar som winter-wonderland. Eller for dei som køyrde beltebilen kav fast i snøgrauten på Møsvassisen.

Puddersnø

I Haukelifjell skisenter har gjestene kunna boltra seg sidan fyrste helga i november. Så tidleg er det sjeldan sesongen har starta. Sjølv om det var snø nok, var det likevel det store snøfallet i midten av desember som gjorde forholda perfekte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk den jolegåva me ynskte oss – store mengder med puddersnø, fortel marknadssjef Kristin Person.

Dei flotte skitilhøva har ført til stor tilstrøyming av gjester, men dei store snømengdene gjev også utfordringar. Like før jol blei ein vestfoldmann teken av ras, men uhellet enda bra takk vere rask respons frå andre, og at han hadde med seg søkjarutstyr.

– Laussnøkøyrarar gjev oss bekymringar, det er alltid ein risiko med slik løyping. Difor har me no sprengt ut ein del skavlar, men ein kan likvel ikkje vera sikker på at det ikkje vil gå skred, åtvarar Person.

Uvêret i jola førte ikkje til noko problem for skisenteret.

– Her oppe er me vande til litt villskap, ler ho.

– Dessutan var det ikkje så gale som meteorologane melde. Vinden førte ikkje til stenging av heisane, seier ho, og legg til at den eldste heisen, Vågslidheisen som blei bygd i 1972, toler heile 17 sekundmeter vindstyrke.

Kolonnekøyring

Mykje nedbør og vind den siste tida har heller ikkje ført til mange problem for mannskapet på Haukelisæter brøytestasjon. Vegen har ikkje vore stengd, men ei natt i romjoli og påfylgjande føremiddag var det kolonnekøyring. Det fortel Vidar Skulestøyl som arbeider på brøytestasjonen. Han er tilsett i Lemminkäinen Norge og er innleigd til E. Opedal & sønner AS no på vinteren.

Mildvêret i romjoli førte til regn og spegelglatte vegar også i høgfjellet, noko som gjorde strøying naudsynt. Regnet har ført til at snøen har søkke ein del saman, og Skulestøyl kan melde om kring ein meter snø ved Haukelisæter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne snødjubda er vanleg, men på Røldal-sida av fjellet er det lite snø i høve til årstida, fortel han.

Skutersleper

På Møsstrond er den lokale snøskuterklubben i ferd med å starte arbeidet med å stikke skuterslepene som høyrer til det kommunale løypenettet. Jøran Eriksrød i Møsstrond snøskuterklubb fortel at laget skal setje ut vel tre hundre stikker.

– I tillegg har me kjøpt nye skilt til slepene, skilt som skal signalisere køyretilhøva, om løypa er svært humpete eller slikt, informerer han.

Skade på yurt

Også i Nissedal er snøen meir enn ein meter djup, og ei stund såg det stygt ut for Canvas hotel på Heimdalsheia i Nissedal. Det kunne sjå ut som ein del av yurtane ikkje hadde tolt dei store snømengdene. Fleire av yurtane, som er utvikla frå ei telt-type som mongolske nomadar brukar, «knela» under snøen.

– På taket av yurtane hadde me sett på «presenningstoppluer» som gjer at snøen glir av. Men fuktig snø festa seg til presenningane, og når det så kom meir snø blei dette tungt. Den einaste skaden som skjedde var at den eine yurten fekk knekt ein del takspiler. På dei andre yurtane fekk me retta ut att spilene, fortel Per Kveim, medeigar i Canvas Hotel AS, som lovar at spilene blir skifta til våren og at alt er klart til sesongen startar.

Inntil då får me seie med Vesaas: «Meterdjup fonn kring mørke tre – det er for oss!»