Eli Bjorvatten, utmarkskonsulent i AT Skog, meiner grunneigarane i Vest-Telemark har mange fleire millionar kroner å hente ved å satse på verdiskaping innan utmarksbasert reiseliv.
Eli Bjorvatten, utmarkskonsulent i AT Skog, meiner grunneigarane i Vest-Telemark har mange fleire millionar kroner å hente ved å satse på verdiskaping innan utmarksbasert reiseliv.

Millionar å hente i utmarksnæringa

Eit prosjekt om utmarksbasert reiseliv skal få grunneigarar i Vest-Telemark til å setje i verk idéar som kan gje verdiskaping på mange millionar kroner.

Over fleire år har Agder-Telemark Skogeierforening (AT Skog) vore engasjert i eit prosjekt om næringsutvikling og driftsplanlegging i utmarka. Nå er eit nytt prosjekt i startgropa: Nettverksbygging og kompetanseheving innan utmarksbasert reiseliv. Prosjektet er landsomfattande og skal gå over fem år. AT Skog samarbeider med Telemark Bondelag om gjennomføringa i fylket.

– Tidlegare har det vore mange festtaler om å satse på utmarka. Det positive nå er at det verkar som alle grunneigarane rettar seg framover. Det er semje om å få til utvikling i landbruket, seier Eli Bjorvatten, utmarkskonsulent i AT Skog, og meiner ei slik innstilling gjev godt grunnlag for prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreininga har fått tri stillingar, i hovudsak finansiert av Statens nærings- og distriktutviklingsfond (SND), for å jobbe med prosjektet i Agder-fylka og Telemark.

Fleire møtte med idéar

Gjennom prosjektet skal grunneigarar ta utfordringa med å drive nyskaping og næringsutvikling, i tillegg til tradisjonelt jord- og skogbruk. For enkelte kan det munne ut i at turisme vil ta ein stor del av arbeidstida.

– For å lykkast med at utmarksbasert reiseliv skal gje ny vekst for landbruket, må grunneigarane ha idéen og vere ressursen. Så kan me hjelpe med realiseringa, seier Bjorvatten.

Ho ser føre seg at ein grunneigar realiserer sin idé, eller at fleire går saman om ei satsing.

– For å få til noko på bygdene er det viktig å involvere fleire i bygdemiljøet. Det bli framleis streva med jantelova somme plassar, seier Bjorvatten.

Prosjektet er alt presentert i fleire ulike samanhengar for grunneigarar og det offentlege. Eit kurs i Vrådal før jol samla 26 deltakarar.

– Fleire av dei hadde idéar dei har lyst til å spinne vidare på. Er idéen god bør sjansen vere bra for å få tilskot av SND, meiner Bjorvatten.

Ho reknar elles med at det blir arrangert fleire kurs i Vest-Telemark, og håpar lokale lag vil engasjere seg i prosjektsatsinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje ligg og ventar

I Agder-fylka og Telemark er det stipulert ei verdiskaping på 330 millionar kroner innan områda hjortevilt, småvilt og innlandsfisk. Etter det Bjorvatten kjenner til er det ikkje målingar på kor mykje av den potensielle verdiskapinga som blir omsett.

– Her er monalege potensial for auka omsetjing som er venta å gje høg lokal verdiskapingseffekt. Det er dette potensialet me nå jobbar for å realisere. Grunneigarane i Vest-Telemark er kjente for å vere gode på turisme mellom anna med tanke på hytter. Men det er mange fleire millionar kroner å hente i ein region der mykje verdiskaping ligg og ventar. Det er då viktig at ikkje alle satsar på det same framover. Til meir varierte tilbod det er, til meir trekkjer det folk, seier Bjorvatten.

Landbruksorganisasjonane har varsla at dei framover vil leggje spesiell vekt på å skape kontakt og få til eit nærare samarbeid med andre aktørar innan reiselivet.

– Det trur eg vil tene både landbruket og reiselivsbransjen, avsluttar utmarkskonsulent Eli Bjorvatten.