Fyresdalordførar Erik Skjervagen meiner Sørbygda ikkje langt utanfor sentrum kan bli eit flott byggjefelt, men høgspentlinja i området må nok ned i jorda.
Fyresdalordførar Erik Skjervagen meiner Sørbygda ikkje langt utanfor sentrum kan bli eit flott byggjefelt, men høgspentlinja i området må nok ned i jorda.

Millioninvestering i nytt byggjefelt

Snart skal fyresdalpolitikarane diskutere om kommunen alt no skal ta kostnaden med nytt byggjefelt på Kynjushamaren eller i Sørbygda.

Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) meiner kommunen må ta ei meir aktiv rolle for å få på plass nye og attraktive bustadtomter. Han bed no om ei kommunestyresak der ein anten vurderer byggjefelt på kommunale Kynjushamaren nord for pleie- og omsorgssenteret, eller kjøper rundt 50 dekar av ein grunneigar i Sørbygda for å etablere bustadtomter der.

– På Kynjushamaren kan det bli mange flotte tomter, særleg sørover og ned mot Fyresvatn. Eg er usikker på om det er finast å ha tomter der eller i Sørbygda, men det er smak og behag. Me får høyre kva politikarene meiner. Eller skal me vere så morosame at me legg ut ei votering i bygda og spør innbyggjarane om kva som er det beste feltet, undrar Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skreddarsy tomter

Ordføraren meiner kommunen må ta kostnaden med opparbeidinga av det nye byggjefeltet. Han ser det ikkje som noko problem at det i økonomiplanen ikkje er sett av millionar av kroner til tomteareal og bustadutvikling før i 2015 og 2016; totalt 17,5 millionar kroner.

– Me kan forskottere ved å låne av eigne fond. Eg er utolmodig. Eit nytt byggjefelt skal me køyre fram så raskt som mogleg, og tomter må vere opparbeidde slik at dei kan byggast på. Det er noko med å ha ferdig tomter for å sjå korleis dei er, seier Skjervagen.

Det er viktig for han å få på plass ein del byggjeklare tomter på attraktive stader. Det er ledig fine tomter i Tøddebakkane i sentrum, men det er ikkje sikkert alle har lyst til å byggje der.

– Folk forventar å få draumetomta, og då må me stille med det beste som finst. Det er noko med å ha eit godt tilbod der og då når folk bestemmer seg. Me veit at nokon i «Heimatt-prosjektet» vil ha tomt der og der om dei skal flytte tilbake til Fyresdal. I bygda er det mogleg å skreddarsy tomter, og det skal me gjere framover. Det er viktig om Fyresdal skal vere ein av dei beste i landet på bukvalitet og auke innbyggjartalet, seier Skjervagen.

Leilegheiter

Noko anna han meiner blir viktig framover er å seie ja til nye bustadtomter rundt om i kommunen.

– Vil ein grunneigar leggje ut ei fin tomt, får han lov til det med ein gong. Ei slik løysing er kanskje einaste alternativet i utkantane, meiner Skjervagen.

Vidare er han positiv til å få på plass fleire utleigebustader. Han ser føre seg at kommunen fører opp det fyrste huset på det nye bustadfeltet som skal kome, og så leiger det ut. I tillegg kan kommunen kanskje kjøpe ein eller to leilegheiter om det blir bygging av slike i privat regi.

– Det er viktig å ha gode og attraktive utleigebustader, seier ordføraren, klar for at kommunen skal på offensiven i bustadpolitikken.