Mindre tilskot til små kommunar
I kommuneproposisjonen går det fram at regjeringa varslar mindre tilskot til kommunar som ikkje slår seg saman.
I førre veke presenterte Fylkesmannen og KS (Kommunanes organisasjon) i Telemark regjeringas kommuneproposisjon. Den handlar om kommunanes inntekter frå staten.
Denne gongen er innhaldet ekstra spennande, i og med at regjeringa og Stortinget har pålagt kommunane å slå seg saman. Det kan bety endra økonomiske vilkår om kommunane slår seg saman eller blir verande som før.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nettopp det kan Kjetil Lie, forskar og fagkoordinator ved Telemarksforsking, greie ut – så langt tala i kommuneproposisjonen gjev grunnlag for.
Eingongsstøtte
Det har vore ikkje så lite usikkert kva kommunane vil få av økonomisk støtte frå staten dersom dei er «snille gutar» og slår seg saman. Det har likevel vore kjent frå kommuneproposisjonen for 2015 at kommunane vil få eit tilskot over 15 år, som så vil bli trappa ned.
I orienteringa frå Lie går det fram at dersom to kommunar med eit innbyggjartal opp til 19 999 slår seg saman, vil dei få tilskot til dekning av kostnadar på 20 millionar kroner. Om folketalet aukar frå 20 000 til 49 999 blir tilskotet fem millionar større.
Summen vil auke med ti millionar til 30 millionar viss tre kommunar med eit folketal opp til 19 999 slår seg saman.
Summen aukar altså med fem millionar for kvar kategori innbyggjarar, og med ti millionar for kvar kommune som går saman til ein.
I Vest-Telemark er det no vedteke å greie ut samanslåing av Seljord, Kviteseid og Nissedal til ein kommune, Fyresdal og Tokke til ein, eventuelt Tokke og Vinje til ein. Uansett vil folketalet vera under 19 999, så berre dei lågaste tilskotssatsane vil gjelde for regionen.
Dette er ei eingongsstøtte som kommunane ikkje kan rekne med blir indeksregulert fram til utbetalingstidspunktet.
«Gåvesjekk»
I tillegg legg regjeringa fram ei reformstøtte, ein «gåvesjekk», på fem millionar til kommunar som slår seg saman og får opp til 14 999 innbyggjarar. Også dette eit eingongstilskot.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette byggjer nok på erfaring frå kommunar som har slege seg saman før noverande reform blei sett i verk. Enkelte kommunar som har slege seg saman har fått ein sum til eit eller anna tiltak, forklarar Lie.
Men kravet for desse pengane er heile tida at to eller fleire kommunar slår seg saman.
Inndelingstilskot
Neste «post» i tilskot er inndelingstilskot, det tilskotet som er varsla over 15 år. Etter dei åra skal tilskotet trappast ned over fem år.
Tilskotet blir definert som kompensasjon for reduksjon i rammetilskotet som fylgje av samanslåing.
– Kommunane skal få full kompensasjon for tap av basistilskotet og netto nedgang i samla regionalpolitiske tilskot, det vil seia småkommunetilskot og distriktstilskot Sør-Noreg, forklarar Lie.
I dag får alle kommunar 12,8 millionar kroner i basistilskot, som ein del av rammetilskotet. I Vest-Telemark får fire kommunar, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal, i tillegg småkommunetilskot, om lag 5,5 millionar kvar. Dette tilskotet får kommunar som har under 3 200 innbyggjarar. Vinje har fleire innbyggjarar, og sjølv om Tokke har færre, får ingen av desse to småkommunetilskot fordi dei har for høge skatteinntekter, mellom anna frå naturressursskatt på kraftverka.
Tilskota skal også vera indeksregulert, slik at ein opprettheld reell verdi gjennom åra.
– Kommunane som slår seg saman får altså kompensert bortfallet av tilskot i 15 år, forklarar Lie. Det gjev ei noko spesiell oppstilling:
Artikkelen held fram under annonsen.
For å illustrere: Viss Seljord, Kviteseid og Tokke blir éin kommune, slik det er vedteke å greie ut, vil dei få eitt basistilskot til den nye kommunen. Men sidan det er tre kommunar, vil dei to andre også behalde basistilskotet. Altså får ein slik ny kommune tre basistilskot.
I tillegg vil dei behalde tre småkommunetilskot i 15 år pluss nedtrappingstida på fem år.
Det vil seia dagens 12,8 millionar gange tre = 38,4 millionar. Pluss småkommunetilskotet på ca. 5,5 millionar gange tre = 16,5 millionar (indeksregulert).
Riset bak spegelen
Frå tidlegare har det vore nemnt at regjeringa gjerne vil gå inn og tvinge kommunar til å slå seg saman. Det argumentet er meir eller mindre borte frå ordskiftet. Men, det dukkar litt kamuflert opp i kommuneproposisjonen:
Slik Kjetil Lie ved Telemarksforsking forklarar, får berre kommunar som slår seg saman kompensasjon for tapte tilskot.
– Frå 2017 vil det truleg koma eit nytt inntektssystem for kommunane. Det vil endre reglane for rammeoverføringane. Det kan høgst sannsynleg bety at det vil bli dyrare å vera liten, seier han.
Litt av regjeringas tanke med å gje inndelingstilskot i 15 år, og deretter trappe det ned i fem år, er at nye kommunar i løpet av den tida skal ha greidd å organisere seg slik at dei kan drive billigare, fyrst og fremst i administrasjonen. Skular, sjukeheimar og andre dyre tiltak i kommunane må stort sett halde fram som i dag.
Konsesjonskrafta kan gje monaleg større inntekt
Om heile Vest-Telemark hadde gått saman til éin kommune, kunne sal av konsesjonskraft gjeve 11 millionar kroner meir.
Anja Hjelseth ved Telemarksforsking har skissert døme på kva kommunane vil tene frå sal av konsesjonskraft ved ulike samanslåingar. Med ulike prisar på straumen vil ein del samanslåingar gje ei monaleg større inntekt til kommunen – og fylkeskommunen ville fått mindre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inntektene frå sal av konsesjonskraft er avhengige av forbruket i kommunen. Det som ikkje blir bruka i kommunen, får fylkeskommunen inntekta av.
20 millionar
I eit døme med ein kraftpris på 15 øre pr. kWh (kilowattime) vil Vest-Telemark som éin kommune ha ei auka inntekt på 11 millionar kroner samanlikna med dagens kommunestruktur.
Størst auke ville ein kommune av dagens Tokke, Vinje og Tinn gje; heile 20 millionar kroner.
Held Vinje fram aleine vil det ikkje bli noko endring i inntektene frå konsesjonskrafta. Tokke og Vinje saman kan få ein auke på 206 tusen kroner.
Overskytande til fylket
Grunnlaget for utrekningane er mengda konsesjonskraft kommunane får i dag, og dagens forbruk i kommunane.
Vinje får i dag 305 GWh (1 gigawattime = ein million kilowattimar, nok energi til eit normalt forbruk for om lag 40 bustadhus, ifylgje LVK (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar).
Av dei 305 GWh i Vinje blir 130 GWh bruka i kommunen. Resten, overskotet på 175 GWh, får fylkeskommunen.
Om Vest-Telemark hadde blitt éin kommune, ville konsesjonskrafta til ein slik kommune blitt 555 GWh. Forbruket ville vore på 359 GWh. Fylkeskommunen hadde fått 196 GWh. Noko som ville gje Vest-Telemark-kommunen ei inntekt på over 62 millionar kroner – og fylkeskommunen mindre del av konsesjonskrafta enn i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Konstruksjonen Tokke og Vinje saman får 421 GWh, og brukar 188 av dei innom eigne grenser. Då ville det overskytande til fylkeskommunen vera 233 GWh.
– Vest-Telemark går glipp av mange millionar kroner med dagens kommunestruktur, kommenterer Kjetil Lie i Telemarksforsking.
Kommunane Kviteseid, Nissedal og Seljord har i dag høgare forbruk enn dei tek imot i konsesjonskraft, og gjev derfor ikkje frå seg noko til fylkeskommunen. Fyresdal gjev bort 35 GWh til fylket, viser oppstillinga frå Anja Hjelseth.
Andre kraftinntekter
Lie forklarar at grunnen til den monalege auken frå sal av konsesjonskraft er at kommunen styrer denne delen sjølv. Eigedomsskatt og naturressursskatt frå kraftverka vil bli fordelt på fleire innbyggjarar etter ei kommunesamanslåing. Altså ei omfordeling frå vertskommunen til dei andre samanslegne kommunane.
Naturressursskatten vil gje noko mindre effekt av omfordelinga, sidan den går inn i systemet for inntektsutjamning.
– Det er opp til kommunane sjølve å bli samde om fordeling og bruk av kraftinntekter i ein ny kommune, orienterer Kjetil Lie.
Inntekter av konsesjonskraft
Nokre døme, sett opp av Anja Hjelseth, Telemarksforsking
Alternativ Konsesjonskraft Forbruk Overskytande
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje 305 GWh 130 GWh 175 GWh
Tokke og Vinje 421 188 233
Tokke, Vinje, Tinn 569 472 97
Vest-Telemark 555 359 196
v/kraftpris 15 øre
Alternativ Forbruk Inntekt ny kommune Endring frå dagens struktur
Vinje 130 26 682 610 0
Tokke og Vinje 188 37 058 079 206 244
Tokke, Vinje, Tinn 472 79 628 079 20 576 244
Vest-Telemark 359 62 777 215 11 094 142