Fagkoordinator Kjetil Lie og forskarane Gunn Kristin Aasen Leikvoll og Anja Hjelseth skal hjelpe Vest-Telemark med å greie ut konsekvensar ved kommunesamanslåing.
Fagkoordinator Kjetil Lie og forskarane Gunn Kristin Aasen Leikvoll og Anja Hjelseth skal hjelpe Vest-Telemark med å greie ut konsekvensar ved kommunesamanslåing.

Mindre tilskot til små kommunar

I kommuneproposisjonen går det fram at regjeringa varslar mindre tilskot til kommunar som ikkje slår seg saman.

I førre veke presenterte Fylkesmannen og KS (Kommunanes organisasjon) i Telemark regjeringas kommuneproposisjon. Den handlar om kommunanes inntekter frå staten.

Denne gongen er innhaldet ekstra spennande, i og med at regjeringa og Stortinget har pålagt kommunane å slå seg saman. Det kan bety endra økonomiske vilkår om kommunane slår seg saman eller blir verande som før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nettopp det kan Kjetil Lie, forskar og fagkoordinator ved Telemarksforsking, greie ut – så langt tala i kommuneproposisjonen gjev grunnlag for.

Eingongsstøtte

Det har vore ikkje så lite usikkert kva kommunane vil få av økonomisk støtte frå staten dersom dei er «snille gutar» og slår seg saman. Det har likevel vore kjent frå kommuneproposisjonen for 2015 at kommunane vil få eit tilskot over 15 år, som så vil bli trappa ned.

I orienteringa frå Lie går det fram at dersom to kommunar med eit innbyggjartal opp til 19 999 slår seg saman, vil dei få tilskot til dekning av kostnadar på 20 millionar kroner. Om folketalet aukar frå 20 000 til 49 999 blir tilskotet fem millionar større.

Summen vil auke med ti millionar til 30 millionar viss tre kommunar med eit folketal opp til 19 999 slår seg saman.

Summen aukar altså med fem millionar for kvar kategori innbyggjarar, og med ti millionar for kvar kommune som går saman til ein.

I Vest-Telemark er det no vedteke å greie ut samanslåing av Seljord, Kviteseid og Nissedal til ein kommune, Fyresdal og Tokke til ein, eventuelt Tokke og Vinje til ein. Uansett vil folketalet vera under 19 999, så berre dei lågaste tilskotssatsane vil gjelde for regionen.

Dette er ei eingongsstøtte som kommunane ikkje kan rekne med blir indeksregulert fram til utbetalingstidspunktet.

«Gåvesjekk»

I tillegg legg regjeringa fram ei reformstøtte, ein «gåvesjekk», på fem millionar til kommunar som slår seg saman og får opp til 14 999 innbyggjarar. Også dette eit eingongstilskot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette byggjer nok på erfaring frå kommunar som har slege seg saman før noverande reform blei sett i verk. Enkelte kommunar som har slege seg saman har fått ein sum til eit eller anna tiltak, forklarar Lie.

Men kravet for desse pengane er heile tida at to eller fleire kommunar slår seg saman.

Inndelingstilskot

Neste «post» i tilskot er inndelingstilskot, det tilskotet som er varsla over 15 år. Etter dei åra skal tilskotet trappast ned over fem år.

Tilskotet blir definert som kompensasjon for reduksjon i rammetilskotet som fylgje av samanslåing.

– Kommunane skal få full kompensasjon for tap av basistilskotet og netto nedgang i samla regionalpolitiske tilskot, det vil seia småkommunetilskot og distriktstilskot Sør-Noreg, forklarar Lie.

I dag får alle kommunar 12,8 millionar kroner i basistilskot, som ein del av rammetilskotet. I Vest-Telemark får fire kommunar, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal, i tillegg småkommunetilskot, om lag 5,5 millionar kvar. Dette tilskotet får kommunar som har under 3 200 innbyggjarar. Vinje har fleire innbyggjarar, og sjølv om Tokke har færre, får ingen av desse to småkommunetilskot fordi dei har for høge skatteinntekter, mellom anna frå naturressursskatt på kraftverka.

Tilskota skal også vera indeksregulert, slik at ein opprettheld reell verdi gjennom åra.

– Kommunane som slår seg saman får altså kompensert bortfallet av tilskot i 15 år, forklarar Lie. Det gjev ei noko spesiell oppstilling:

Artikkelen held fram under annonsen.

For å illustrere: Viss Seljord, Kviteseid og Tokke blir éin kommune, slik det er vedteke å greie ut, vil dei få eitt basistilskot til den nye kommunen. Men sidan det er tre kommunar, vil dei to andre også behalde basistilskotet. Altså får ein slik ny kommune tre basistilskot.

I tillegg vil dei behalde tre småkommunetilskot i 15 år pluss nedtrappingstida på fem år.

Det vil seia dagens 12,8 millionar gange tre = 38,4 millionar. Pluss småkommunetilskotet på ca. 5,5 millionar gange tre = 16,5 millionar (indeksregulert).

Riset bak spegelen

Frå tidlegare har det vore nemnt at regjeringa gjerne vil gå inn og tvinge kommunar til å slå seg saman. Det argumentet er meir eller mindre borte frå ordskiftet. Men, det dukkar litt kamuflert opp i kommuneproposisjonen: Slik Kjetil Lie ved Telemarksforsking forklarar, får berre kommunar som slår seg saman kompensasjon for tapte tilskot.

– Frå 2017 vil det truleg koma eit nytt inntektssystem for kommunane. Det vil endre reglane for rammeoverføringane. Det kan høgst sannsynleg bety at det vil bli dyrare å vera liten, seier han.

Litt av regjeringas tanke med å gje inndelingstilskot i 15 år, og deretter trappe det ned i fem år, er at nye kommunar i løpet av den tida skal ha greidd å organisere seg slik at dei kan drive billigare, fyrst og fremst i administrasjonen. Skular, sjukeheimar og andre dyre tiltak i kommunane må stort sett halde fram som i dag.