Åtteåringane Håkon Rorgemoen (t.v.) og Sveinung Sudgarden fylgdest alle skuleåra i Langlim. Biletet er teke i 1953. (Foto frå årsskriftet).
Åtteåringane Håkon Rorgemoen (t.v.) og Sveinung Sudgarden fylgdest alle skuleåra i Langlim. Biletet er teke i 1953. (Foto frå årsskriftet).

Minne frå nær og fjern – både i tid og rom

Årsskriftet til Åmotsdal sogelag, Øvre Annex, spenner frå kvardagsskildringar frå Langlim til krigshistorie frå Burma.

Elmer (1912–1962) tenestegjorde i krigen for USA i Burma frå 1943 til 1945. Grunnen til at denne mannen er vigd tjue sider i årets årsskrift har med opphavet å gjera. Han var son til Halvor Aslaksson Skori og Anne Eivindsdotter Åmot, som emigrerte med tre born frå Kjos i Åmotsdal i 1904 og slo seg ned i Canada. Og han var syskenbarn med bestefar til forfattaren av artikkelen, Leidulf K. Dyrland, som delar med seg av funna han har gjort med å forske på slekta. I ein til dels detaljrik artikkel, krydra med mange bilete og kopi av dokument, får lesaren innblikk i den tragiske lagnaden til yngsteguten til Anne og Halvor.

Husrom hjå skyldfolk

Sjølv om alt nok ikkje var endebeint for syskena frå den veglause garden ved Gjevarvatnet, Rorgemoen, når dei starta på skulen i Langlim, skildrar Håkon Rorgemoen skuletida og dagane borte frå far og mor verken på nokon trist eller bitter måte. Sjølvsagt kunne det vera tungt å reise heimanfrå etter helgebesøka, som oftast fann stad kvar fjortande dag, men slik var kvardagen. Han fortel beint fram – slik det var. Og som det var for så mange andre på 1950-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Husly fekk skuleungane hjå skyldfolk i Langlim, der dei byttest på å huse syskena. Det førte til at Håkon, forteljaren, måtte innordne seg hjå mange ulike folk. Fyrste skulevinteren budde han på Høydal, hjå Magnhild og onkelen Ånon, samt den adopterte sonen deira. Der budde også onkelen Hans. Også to seinare skulevintrar budde Håkon på Høydal.

Andre året budde han på Nistogo hjå Imma og onkelen Olav, som sjølve hadde fem ungar. Tredje vinteren budde Håkon og to av brørne hans hjå den ugifte onkelen Eivind, som budde i ei hytte på mellom 30 og 40 kvadratmeter. Etter nokre månadar hjå lærar Olav T. Bakken, bar det tilbake til Eivind på hytta, der Håkon også budde siste skuleåret sitt. Dit kom også ein annan onkel, Halvor, etter å ha vore borte på arbeid ei tid.

Kva skuleguten frå Rorgemoen lærte av å koma så nær alle desse menneska, fortel ikkje skribenten noko om. Det han derimot skriv om, er dei store endringane som skjedde i Langlim i skuletida hans. Like før jol i 1955 kom «ljoset», som straumen blei omtala som på den tida, og parafinlampene blei hengt vekk. Året etter fekk bygda bilveg.

Mange bidragsytarar

Redaksjonskomiteen, som har vore sett saman av Sigrun Dyrland Eidal, Anne Sigrun Kultan, Gro Reidun Groven og Svein Vetle Trae, har sjølve bidrege med skriftstykke til heftet. Mellom anna har Reidun Groven ein interessant artikkel om bunadtilvirkaren Guro K. Grasbekk (fødd i 1932). Elles fortel Knut L. Dyrland historier både om ei bru, om folkebad og vassforsyning, Kjetil Sudgarden har teke føre seg livssoga til forfattaren Aslaug Høydal (1916–2007), medan Lars Erik Øygarden skriv om spelemannen Olav Bergsland (1821–1901) – for å nemne noko av lesestoffet som er å finne i det 125-siders heftet.