Minne frå oppvekst i USA

Ingjerd Edland i Edland har sendt oss ei forteljing Solveig Norstog har skrive om ei dramatisk hending i oppveksten sin i USA. Solveig Norstog ættar frå Byrte. Slektningen hennar, Ingjerd Edland, fortel her litt om bakgrunnen og folka hennar:

Solveig, fødd 20. oktober 1926 i Watford City, er den eldste av fire sysken, to gutar og to jenter. Foreldre er Olav Norstog, Byrte, og Marie K. Prestangen.

Olav var den yngste av åtte sysken. Alle reiste over til USA og busette seg i Nord-Dakota, Watford City.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den fyrste som reiste var forfattaren Jon Norstog, bror av Olav, og dermed onkel til Solveig. Etter kvart drog dei andre etter. Siste flokken på tre, Olav og ei syster, fór over i 1907 saman med far sin Knut, som då var enkemann. Men Knut kom seinare attende til Noreg, budde siste tida i Vinje, er gravlagd i Mo.

I tur og orden fekk dei seg farm – «tok land», som dei sa.

Men Olav var berre 12 år gamal då han kom til USA, så han kunne ikkje det. Han arbeidde fleire år i eit indianarreservat og greidde å spare opp pengar til sin eigen farm.

Han vart gift i denne tida, og Solveig kunne fortelja frå mor si at det var tøffe tider å bu så primitivt i det mannssamfunnet som var i reservatet. Solveig vart fødd i denne tida.

Etter kvart fekk dei sin eigen farm, og der var det Solveig og syskena hennes voks opp.

Men også det var tøft på mange måtar. Språket mellom anna. Heime gjekk det berre på norsk, i skulen berre engelsk. Det var lang skuleveg i all slags vêr; sandstormar frå Canada, bitande kald vind osv – det var påbode å plante tre kring dei små husa for å skape litt ly.

For dei som kom frå fjellbygda Byrte var det nok tøft å finne seg til rette på prærien – ikkje skog, ikkje fjell, ikkje vatn – berre endelause vidder så langt auga såg.

Solveig kan fortelja masse frå oppveksten sin. Mellom anna saknet av ei bestemor. Det hadde ho aldri hatt. Men ho hadde ein god og trygg heim, ho hadde mange syskenbarn, om det var lang avstand mellom dei, så det er mange gode minne òg å ta vare på. Mange av minna frå oppveksten har ho også skrive om. Stykket som fylgjer er ei av forteljingane. Det er omsett til norsk av Anna Handeland i Kristiansand, og til nynorsk av VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er Norstog-slekta spreidd i tusenvis over store delar av USA, for det var ikkje berre denne eine greina som emigrerte.

I dag er det berre bror til Solveig, Konrad og kona som er att i Watford.

Og ein ting til – i dag har Watford City blitt eit lite oljeeventyr.