Minst seks må nytte ny barnehage
Frå august får Fjone barnehage igjen, men det må vere minst seks unge der hausten etter om drifta skal fortsette.
I motsetnad til Nissedal-rådmannen vil formannskapet at ein skal opne barnehage på Fjone i august 2019. Torsdag avgjorde kommunestyret saka, etter ein debatt med ulike meiningar. Ordførar Halvor Homme (Ap) innleia med å varsle eit tilleggsforslag frå partiet hans om at det må vere minst seks barn ved opptak for å ha barnehagedrift.
– For Ap er dette ei vanskeleg sak, og me kjem ikkje til å stemme likt, sa ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Magne Haugsjå (KrF) sa seg samd med rådmannen i å ikkje opne barnehage på Fjone.
– Eg er litt overraska over at saka kjem nå. Det er sagt fleire gonger at ho må opp i budsjettet, sa Haugsjå, og la til at over to millionar kroner i driftskostnad på ny barnehage vil gje konsekvensar.
Bjarne Reime (KrF) var ikkje samd med partifella.
– Fjone har mista skulen og forretninga, og treng eit samlingspunkt. Ein barnehage kan til ein viss grad erstatte funksjonen som skulen hadde. Det er ein veldig positiv trend på Fjone, stor aktivitet, meir busetting, hyttebygging og turisme. Det mest positive er at unge flytter tilbake, bygger hus og stiftar familie, sa Reime.
Han var blant fleire representantar som nemnde at håpet er at Fjone får same positive utviklinga som på Felle. Då barnehagetilbodet blei gjenopna der i 2012, var det berre fem barn, eit tal som er langt høgare i dag. Frå august 2019 på Fjone er det varsla at fem barn kjem til å nytte barnehagen.
– Elles i saka er det gjort eit poeng at investeringskostnaden for barnehage på Fjone blir dyr. Eg minner om at foreldra har sagt dei er viljuge til å stille på dugnad både ut- og innvendig. Ein barnehage på Fjone vil styrke grenda. Me treng livskraftig og sterk grend, akkurat som me treng livskraftig og sterkt sentrum, avslutta Reime innlegget sitt.
Tore Solli (Ap) trudde ein barnehage på Fjone er noko i utgangspunktet alle politikarane og innbyggjarane er positive til.
– Men som i alle andre saker er dette spørsmål om kost og nytte. Ein aukar driftsramma med dryge to millionar kroner, og det er fem barn ved oppstart i august og seks året etterpå. Utgangspunktet mitt er at det er for lite. Eg vil fremje tilrådinga til rådmannen, sa Solli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ian Parry-Jones (Sp) sa at eit av dei viktigaste omsyn ein må ta i saka, er transporten; eitt- og toåringar på Fjone må i dag reise langt for å kome til barnehage.
– Viss ein opnar barnehage på Fjone vil ein kanskje unngå kostbar utbygging i Treungen. Det igjen vil føre til at ein ikkje treng å stenge Haugsjåsund barnehage. Kommunestyret bør vere ansvarleg å gje Fjone det som trengst; å opne barnehage. Innbyggarane fortener det, sa Parry-Jones.
Ordføraren tok ordet, og minna om at han har kome med forslag meir enn ein gong å erstatte skulen på Fjone med barnehage.
– Det er fordi eg meiner barnehage på Fjone er mykje meir fornuftig enn å ha skule der. Då er det mitt samvit i dag som gjer at eg slit veldig med å ikkje stø forslaget om barnehage. Eg meiner det er lurt å ha eit slikt tilbod på Fjone. Med erfaringa på Felle har eg nesten ikkje råd til å la vere å prøve, men eg er veldig tydeleg på at eit slikt tilbod må ha ei nedre grense, dessverre, sa Homme.
Anne-Nora Oma Dahle (Sp) sa det er ei gladsak politikarane har på bordet.
– Å legge til rette for tilflytting er god kommuneøkonomi, og kommunen er avhengig av å auke folketalet. Me investerer i framtidig vekst – eg håpar Fjone får barnehage i august 2019, sa Dahle.
Etter gruppemøte presiserte ordføraren rundt tilleggsforslaget frå Ap at det skal vere minst seks unge som nyttar Fjone barnehage frå oppstarten i august 2020 for at det blir vidare drift. Dette blei vedteke med røystene frå Ap og KrF, medan forslaget frå Sp om fem barn fall.
I tillegg til Tore Solli, røysta Kai Halvor Juva (Ap), Hølje Haugsjå (Ap) og Magne Haugsjå imot å opne barnehage på Fjone.
Artikkelen held fram under annonsen.
geir.ufs@vtb.no