Misbruk av Nav-ytingar
Siste halvår har Vest-Telemark tingrett handsama fire saker som gjeld misbruk av Nav-ytingar i Vest-Telemark. To nye saker er under etterforsking.
Dette er relativt mange saker på kort tid, seier leiar i Nav Seljord, Olav Aalandslid.
Det er heilt på line med resten av landet, men me hadde nok håpa at det ikkje skulle vere så mange i eit så lite område.
Artikkelen held fram under annonsen.
Følgde ikkje planen
Det er fleire saker som blir melde til politiet enn dei som kjem til retten. I fjor blei 922 personar i Noreg melde for 969 forhold. 49 av forholda er avdekte i Telemark. På landsbasis dreier det seg om svindel for nesten 125 millionar kroner, i Telemark er dei melde beløpa på nesten 5,5 millionar kroner.
Ein del blir meld for fleire forhold, fortel Aalandslid som ikkje vil seie kva type saker det dreier seg om.
I rettsreferata frå Vest-Telemark tingrett kjem det fram at tre av sakene dreier seg om misbruk av attføringsmidlar eller arbeidsavklaringspengar. Dei tiltalte har gjeve feilaktige opplysningar på meldekorta, og det største svindelbeløpet er på 176.644 kroner. Grensa for grovt bedrageri er på 100.000 kroner. Ein av dei tiltalte blei frifunnen.
Den siste saka dreier seg om misbruk av sosialmidlar og forfalsking av faktura.
Bygger på tillit
Det er forferdeleg trist når slikt skjer. Dette handlar om misbruk av velferdsgoda i Noreg, og dei er bygd på tillit. Det er ein vanskeleg balansegang mellom å ha tillit til folk, og å vite at ein del av dei vi hjelper, misbruker systemet. Folk lærer seg triks for å lure oss med tanke på vinning, og det er straffbart i Noreg, understrekar
Aalandslid.
Kontrollrutinane til Nav har blitt betre dei siste åra, og etaten finn stadig nye vegar for å avsløre misbruk. Bruk av Facebook er ein måte å avsløre folk på.
Arbeidsgjevars ansvar
Misbruket av Nav-midlar forgår innanfor alle typar ytingar, men dagpengar skil seg klart ut som den stønaden som blir misbruka mest. Nesten 30 prosent av dei melde sakene dreier seg om dagpengar.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg er sjukepengar eit problem. Det hender at arbeidsgjevar samarbeider med den tilsette, slik at han eller ho får meir sjukepengar enn dei har krav på, fortel Aalandslid.
Blir slikt avdekt, blir også arbeidsgjevar meldt til politiet. Dette er straffbare forhold.
Skatteetaten avslører
Ein del av sakene som har vore oppe i Vest-Telemark tingrett, strekker seg nokre år bakover i tid.
Nav har eit tett samarbeid med skatteetaten. Det betyr at ein del saker blir avslørt først etter at likninga for det føregåande året er på plass, seier Aalandslid, som er uroa over forholda.
Alle som mottek trygdeytingar i ei eller anna form, underskriv på vilkåra som gjeld. Er du i tvil om du gjer rett, så ring og spør. Dette er eit system som er tufta på tillit og rettsinn, og alle blir kontrollerte, avsluttar Nav-leiaren.