– Mitt livs høgdepunkt i langrennssporet
Runar Skaug Mathisen hadde så mykje krefter att at han på sisterunden måtte spørje trenaren om det verkeleg var målgang på femmila alt.
– Det er inga kjensle som er artigare enn når ein berre kan pøse på med krefter. Eg var nesten litt lei meg då eg kom i mål. Eg følte eg kunne gått mykje lengre, seier Runar Skaug Mathisen etter å ha gått sitt livs løp på NM-femmila i Alta laurdag.
For vinbyggjen som satsar mot dei lengste løpa blir femmila ein «kort» distanse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein blir litt rar i hovudet når ein har gått Vasaloppet (9 mil), ler Mathisen.
– Men det handlar om erfaring. Eg hugsar den fyrste femmila eg gjekk. Då var eg så sliten etterpå at eg tok med meg ein stol i dusjen og sette meg på den. Men vatnet var for varmt så eg måtte snu meg. Då fekk eg krampe i heile kroppen! humrar vinbyggjen.
Måtte spørje trenaren
Han reiste til NM med eit hårete mål om å kome blant dei 20 beste, og gjekk i mål som nummer 13 (12. plass i NM fordi Andrew Musgrave på 10. plass går for Storbritannia). Dei sju plassane fram til 13. plass er eit par minuttar i sporet. Vinnaren Sjur Røthe var 4 minuttar og 25 sekundar føre Mathisen i mål.
– Eg visste eg måtte vera med i starten, men at eg samstundes burde spare krefter. Sjur Røthe med Andrew Musgrave passerte meg i høg fart, og eg tenkte at kroppen min ikkje var heilt rå. Etter kring 35 kilometer kjente eg at eg framleis hadde masse krefter, og at det kanskje var greitt å bruke dei. Eg heldt fylgje med Simen Hegstad Krüger (to gull frå OL) på dei siste to mila og skjøna då at eg gjekk fort. Eg var heile tida uroa for at eg skulle gå på ein smell, men på sisterunden måtte eg spørje trenaren om det verkeleg var mål neste, seier ein strålande fornøgd Mathisen.
Gler seg alt til neste sesong
Til helga går sesongens siste renn. Mathisen stiller til start mot mellom andre NM-vinnar Sjur Røthe, OL-vinnar Simen Hegstad Krüger og Hans Christer Holund som også tok medalje i OL.
– Tøft selskap, smiler Mathisen.
Årets sesong har vore ein mellomsesong for vinbyggjen. Neste år blir det full satsing på dei lengste renna.
– Eg gler meg alt til å starte opp att treninga mot neste sesong, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det artigaste er å reise på samling med Team Telemark og at me saman trenar for å bli betre, avsluttar han.