Mjølkebonden Aslak Snarteland i Fyresdal, som VTB skreiv om sist laurdag, er blant dei få som investerer i mjølkeproduksjonen i Vest-Telemark.
Mjølkebonden Aslak Snarteland i Fyresdal, som VTB skreiv om sist laurdag, er blant dei få som investerer i mjølkeproduksjonen i Vest-Telemark.

Mjølkeproduksjonen under sterkt press

Halvparten av mjølkeprodusentane i Vest-Telemark vil ikkje gjere større investeringar i fjøs og driftsbygningar dei komande fem åra. Nesten 60 prosent har heller ikkje planar om å kjøpe meir mjølkekvote. 25 prosent vil anten slutte eller vurderer å kvitte seg med kyrne.

Tala kjem fram i ei omfattande spørjeundersøking kring mjølkeproduksjonens framtid i Telemark som Fylkesmannen har gjennomført. Undersøkinga er gjort i nært samarbeid med landbruksforvaltinga i kommunane. Fylkesmannen konkluderer med at bøndene i Vest-Telemark er mindre motiverte til å investere i mjølkeproduksjon samanlikna med andre delar av fylket.

Berre 32 prosent av bøndene som driv med kyr i Vest-Telemark seier det er svært eller ganske sannsynleg at dei vil gjere større investeringar i fjøs og driftsbygningar dei næraste åra. Men 75 prosent av produsentane seier dei ikkje har bestemt seg for å slutte med mjølkeproduksjon. Om lag 67 prosent har heller ikkje planar om å kjøpe meir mjølkekvote dei neste åra. Nesten 24 prosent seier dei vil kjøpe meir kvote gjennom statleg sal, medan snaue 9 prosent kan tenkje seg kvotekjøp frå både staten og private.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis mange bruk med små kvotar i Telemark. 27 prosent av mjølkebruka har ein kvote på under 50.000 liter. 78 prosent av bruka har ein kvote på under 125.000 liter. Og det er berre 22 prosent av bruka som har over 125.000 liter i kvote. Undersøkinga syner at det er blant den siste gruppa ein finn viljen til investeringar og framtidstru som mjølkeprodusent.

Økonomisk utvikling

– Me spurde også om økonomien har endra seg i mjølkeproduksjonen dei siste fem åra. Heile 55 prosent av bøndene med ein kvote mellom 50.000 og 75.000 liter seier det økonomiske resultatet har endra seg i negativ retning. I denne gruppa var det berre 6 prosent som opplevde betring i økonomien, fortel rådgjevar Marita Oxum i Fylkesmannens landbruksavdeling.

Her kan ein merke seg at 45 prosent av brukarane med ein mjølkekvote på over 175.000 liter sa at lønsemda i produksjonen hadde vorte betre. Same oppleving hadde 67 prosent av dei med mellom 200.000 og 400.000 liter i kvote.

Pessimisme i vestfylket

Marita Oxum seier at størst pessimisme med omsyn til framtidig økonomisk resultat finn ein i Vest-Telemark. Dei mest optimistiske mjølkeprodusentane bur i Midt-Telemark og Grenland.

Undersøkinga stadfestar også at gardsdrift med mjølkeproduksjon er vanskeleg å drive i kombinasjon med anna lønna arbeid. Tilbakemeldingane var veldig klare på kva føresetnadar som er mest avgjerande for vidare drift av garden. Oxum nemner at inntekt vart rangert som viktigast. Deretter fylgde ferie og fritid, nybygg eller ombygging og helse, miljø og tryggleik.

– Mjølkeprodusentane meinte styremaktene og avtalepartane først og fremst bør leggje til rette for auka investeringsstøtte og dernest produksjonsstøtte. Når det gjeld tilrettelegging for samdrifter var attendemeldingane veldig delte, fortel Oxum.

Sjølv om ein ikkje fann ein statistisk signifikant samanheng mellom uvissa for framtida som mjølkeprodusent mellom dei med kvote under 75.000 liter eller over 150.000 liter, er trenden tydeleg. Bønder med liten kvote er i større grad usikre på vidare drift enn bønder med større kvote.

Tydelege trendar

Fylkesmannen konkluderer med nokre trendar ein fann i materialet:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Auka alder aukar sjansen for å slutte.

* Storleiken på mjølkekvoten påverkar ikkje det å slutte eller halde fram.

* Dei som er i eller vil inn i samdrift held fram i stor grad.

* Dei som trur at økonomisk resultat vil betre seg held fram.

* Dei som betraktar inntekt som viktig for vidare drift sluttar.

* Dei som betraktar ferie og fritid som viktig for vidare drift sluttar.

* Fagmiljø ser ikkje ut til å påverke avgjerda om vidare drift.

* Dei som har nybygg eller har bygningar under ombygging held fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dei som vurderer helse, miljø og tryggleik som viktig held fram.

26 prosent av mjølkeprodusentane i Telemark svarte klart ja på at neste generasjon ville overta, medan 20 prosent svarte nei. 54 svarte at dei er usikre. Nokre svarte at neste generasjon ville overta gardsbruket, men at dei ikkje ville vidareføre mjølkeproduksjonen.

Tiltak under arbeid

Marita Oxum seier at Fylkesmannen saman med faglaga og Innovasjon Noreg i Telemark har spesiell fokus på mjølkeproduksjon i 2009. Det vert jobba med aktuelle tiltak for denne produksjonen. Ho minner elles om at det er mogleg å søkje om mjølkekvote til nyetablering. Ordninga vart vidareført i jordbrukstingingane også for 2009.