Vincent ’t Hart er leiar i Åmotsdal Montessori SA, og varslar folkemøte om montessoriskule dersom Fylkesmannen godkjenner det kommunale nedleggingsvedtaket.
Vincent ’t Hart er leiar i Åmotsdal Montessori SA, og varslar folkemøte om montessoriskule dersom Fylkesmannen godkjenner det kommunale nedleggingsvedtaket.

Montessorisøknaden er nesten klar

Om Fylkesmannen stadfestar nedlegginga av Åmotsdal skule, vil samvirket Åmotsdal Montessori kalle saman innbyggjarane for å avgjere om det skal etablerast privatskule i bygda.

Parallelt med Seljord kommunes innsparingsarbeid i skule- og barnehagesektoren, har åmotsdølar arbeidd med å etablere ein privatskule. Åmotsdal Montessori SA blei registrert i august i fjor då nedleggingsskyene over skulen i bygda stadig blei mørkare. I oktober vedtok kommunestyret formelt at skulen blir lagt ned frå komande skuleår. Tre kommunestyrerepresentantar har klaga på vedtaket, og ei endeleg avgjerd frå Fylkesmannen er venta til veka.

Har arbeidd med søknad

– Me avventar konklusjonen frå Fylkesmannen før me gjer noko meir, seier Vincent ’t Hart, som er leiar i motessorisamvirket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men han seier dei har arbeidd med ein søknad om å etablere ein montessoriskule i bygda. Denne er nesten ferdig. Søknaden må sendast før 1. april.

– Om Fylkesmannen meiner kommunen har gjort alt rett, vil me kalla inn til eit bygdemøte for å sjå om det er grunnlag for montessoriskule, seier ’t Hart.

Han seier dei må ha 15 elevar i eitt av dei tre fyrste åra som montessoriskule, men vil ikkje forskottere om det er interesse nok i bygda for ei privatskuleetablering. I botnen må det vera ein eigenkapital på 30 000 kroner for å bli godkjent, men det økonomiske behovet er større.

Ikkje aktuelt før 2014

Med eitt års behandlingstid i Kunnskapsdepartementet er det uansett ikkje aktuelt med montessoriskule før skuleåret 2014/2015.

– Korleis ser de på at elevane må til Flatdal eitt år før dei eventuelt blir flytta tilbake til Åmotsdal?

– Det er sjølvsagt trist, men det verkar uunngåeleg med mindre nedlegginga blir utsett eitt år, seier leiaren av samvirket.

Montessoriskule

– Privatskule og/eller barnehage som praktiserer undervisninga i høve til pedagogiske prinsipp grunnlagt av den italienske legen Maria Montessori. Fyrste skule grunnlagt i Roma i 1907.

– Norsk Montessoriforbund blei etablert i 1979.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pedagogikken er basert på barnas eigenverdi, læring utan negative inntrykk, og at elevane sjølve skal søkje etter kunnskap.

– Elevane er ikkje delte inn i klasser, og dei blir underviste i grupper med 3 årskull om gongen. Elevane har fridom til å jobbe med materiell i så store mengder dei vil; dei kan anten fordjupe seg eller dei kan ta litt etter litt i små mengder.

– Læreplanen i montessoriskulen er godkjent av Utdanningsdirektoratet.

Kjelde: wikipedia, Norsk Montessoriforbund