Morgedalsfirma lågast igjen
Morgedal Entreprenør er i gang med arbeidet på E134 mellom Morgedal og Mostøyl. Då tilboda for det neste delprosjektet, vegen vidare til Høydalsmo, blei opna denne veka, hadde firmaet igjen den lågaste prisen.
Arbeidet på strekninga mellom Morgedal og Mostøyl starta i vår. No ligg Morgedal Entreprenør AS an til å få halde fram på E134 når Mostøyl til Høydalsmo kyrkje skal utbetrast. Tilboda blei opna på Vegvesenets kontor i Arendal onsdag, og viste at Morgedal Entreprenør AS har den lågaste prisen – 63,9 millionar kroner. Firmaa Marthinsen & Duvholt AS og T. Engene AS leverte også tilbod på under 70 millionar kroner.
Det har kome inn totalt 13 tilbod. Det er byggjeleiar Dag Rune Kvålen svært godt fornøgd med. No skal Vegvesenet kontrollrekne. For å få kontrakten skal tilbydarane alltid vera kvalifiserte etter krava som står i utlysinga. Denne vurderinga blir gjort rett etter kontrollrekninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mogleg start for anlegget er planlagt til desember i år. Vegen skal stå ferdig i oktober 2019.
Fyrste del av utbetringane på E134 mellom Seljord og Åmot er alt ferdig. Vegen mellom Raudå bru og Åmot blei offisielt opna i juni.
Anbodskonkurransen for utbetringa av krysset ved bensinstasjonen/næringsområdet i Høydalsmo er framleis open. Fristen for å levere tilbod er 13. oktober.
Les også:
Morgedalsfirma skal fikse Libergbakkane
«Regjeringa må anten løyve meir pengar eller setje opp bom»
Ikkje pengar til å ruste opp vegen mellom Seljord og Ordal
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilbod
Morgedal Entreprenør AS 63 980 967
Marthinsen & Duvholt AS 66 319 294
T. Engene AS 67 084 426,80
Hovden Hytteservice Entreprenør 70 405 405,58
Carl C. Fon AS 73 288 559,40
Skorve Anlegg AS 78 092 274
Berthelsen & Garpestad AS 78 138 809
Br. Thorkildsen AS 78 376 596,21
Artikkelen held fram under annonsen.
Telemark Transport & Entreprenørsentral AS 81 447 430
Norwegian Rock Group AS 85 061 895
Kåsa & Ringhus Entreprenør AS 94 055 938
Contexo AS 94 854 000
Oskar og Tormod Wike AS 120 486 552