Musikalsk magi på heimebane
Etter eit kraftig regnskyll fredag kveld letta vêret og Sigrid Aase og resten av Hajk haldt ein fantastisk konsert på heimebane.
– Eg hadde tenkt å seie mykje meir eigentleg, men eg var så spent sidan det var så mange kjente blant publikum, strålar flatdølen Sigrid Aase etter jubel og applaus hadde lagt seg fredag kveld.
Over hundre publikummarar hadde funne vegen til Nutheim og utekonserten med det majestetiske bakteppet delvis dekt av trolsk tåke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saman med dei fire andre bandmedlemmene i indie-popbandet Hajk var Aase glad for høvet til å kome å spele på heimebane.
– Det er andre gong me spelar i Telemark, og eg må takke Flatdal ungdomslag og Nutheim gjestgiveri for at dei ville at me skulle spele her. Det er svært hyggeleg at me fekk kome og at så mange møter fram, smiler Aase.
Stolte
Ungdomslaget i Flatdal med leiar Guro Mæland i spissen seier at dei er svært nøgde med at dei hadde fått kapra Hajk til å spele på Nutheim.
– Hajk har etablert seg som eitt av dei mest spennande og vitale banda i Noreg. Og ekstra spesielt er det jo å få dei hit sidan flatdølen Sigrid Aase er vokalist, smiler Mæland og er fornøgd med oppmøtet til konserten.
– Det er moro at me klarer å samle så mange på same tid som det er store festivalar i både Treungen og Notodden. Det tyder kanskje på eit publikum med god musikksmak, ei glede over å sjå flatdølen Sigrid på scenen og på same tid eit ynskje om å kome saman på Nutheim med gode vener – slik på tampen av sommaren, seier Mæland.
Med seg i ungdomslaget har ho Eli Flatland, Merete Grave, Anne-Karin Slåtta, Anne Bjaaland Barstad og Katrine Volhovd.
Spennande sjanger
Ho fortel at ungdomslaget hadde lyst til å halde konsert med Hajk sidan det er ein spennande musikksjanger som er på veg opp og fram i norsk musikkverden.
– Alle flatdølar har høyrt tonar frå Sigrid med eller utan band – det er alltid like flott – og ekstra stas sidan ho er «litt kåns», seier Mæland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel vidare at ungdomslaget hadde eit liknande arrangement saman med gjestgiveriet på Nuteheim for to år sidan.
– Og samarbeidet fungerer veldig flott, rosar ho og legg til at dei deler på dugnaden med å rigge opp og ned.
– Ungdomslaget skaffa band og Nutheim stilte lokale, skjenkeløyve og kortreist mat på grillen. Tilbakemeldingane etter konserten var veldig bra, og utifrå stemninga å døme trur eg folk kosa seg glugg. Det gjev oss motivasjon til å skipe til fleire liknande arrangement ved seinare høve, seier ungdomslagsleiaren.
Danskekurs neste ut
Flatdal ungdomslag har tidlegare arrangert vårvandring med lokalhistorie ved Henry Mæland, bytedag av klede på samfunnshuset, santhansfeiring saman med Flatdal Idrettslag og midtsommarfeiring saman med Nutheim.
– Me skal halde nybyrjarkurs i swing fire torsdager i september. Kurset blir i Flatdal og er i samarbeid med Seljord Folkehøgskule. Kurset blir avslutta med ein heileften der alle som vil kan koma – og mellom anna danse swing sjølvsagt, seier Mæland.