Musikalsk småttistreff på misjonshuset
Lyd, rytme og samspel er viktige element når mødrer og småungar møtest til babysong på misjonshuset i Seljord. Praten over matbordet etterpå er heller ikkje uvesentleg.
«Du halling, du halling, nå må du eta mykje graut, så blir du stor og staut». Den som trur det bare er åndelege songar som kling i tømmerveggane inne på misjonshuset i Seljord tek grundig feil. Annankvar onsdag er ein gjeng småttisar, kring åtte i talet, samla i veslesalen. Sjølvsagt syng dei også litt. Eller rettare sagt gurglar, om ein kan vera så taktlaus. Forsongar er Svanhild Rui Gustavsen, diakoniarbeidar i Seljord.
Det var diakoniarbeidaren som i haust drog det heile i gang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg tenkte mødrer som var heime om føremiddagen kanskje hadde trong å treffast, seier Rui Gustavsen, som fekk god respons på tiltaket. Vanlegvis møtest kring åtte kvinner med babyane sine til to-timars-øktene annankvar veke. I dag er det bare fem små til stades for Lille Petter edderkopp å klatre på, men stemninga er ikkje dårleg av den grunn. Pludrande og leande godlydar fyller salen som vel helst er vant med stille bøn og alvorlege andaktsord.
Song, rim og regler
Rett skal vera rett, babysongen handlar ikkje bare om verdsleg musikk. Etter Ride, ride ranke var det klart for songen Guds kjærlighet. Svanhild Rui Gustavsen har henta inspirasjon frå Frelsesarméen sitt opplegg for baby- og småbarnssong, og spedd på med andre songar, rim og regler.
Medan babyane er i musikalsk aktivitet er det ei anna form for aktivitet på kjøkkenet. Der står Gerd Mæland og Ingeborg Dybdahl og smør snittar. Dei to friviljuge får høglytt skryt då maten kjem på bordet.
Det er særdeles god mat her. Av og til er det graut, me har fått heimebaka rundstykke og somme gonger står det også kaker på menyen, fortel Bodil Merete Salvesen, som synest babysongen er ein fin måte å møtast på.
Medan somme av dei små tek seg ein lur, held praten fram ved kaffibordet. Så vidt me kunne oppfatte handla samtalene om alt frå sovetid til skiføre. Og treffa har rom for fleire mødrer med babyar, seier Svanhild Rui Gustavsen.