Musikalske reisebrev
Storskulen i Tokke gjennomførte sist veke si årlege musikkveke. I år gjekk den musikalske reisa via reisebrev i ein amerikakoffert og ut i verda.
Hallvard, eller Halvor, rollefiguren var litt usikker på kva han eigentleg heitte.
– Eg seier Hallvard, så då blir det slik, sa rolleinnehavar Bendik Vadder til VTB etter at fyrste framsyninga var ferdig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hekta på dataspel
Historia byrjar med at Hallvard (Bendik) står fram som ein dataspelavhengig ung gut som slett ikkje har tid til venene eller familien sin. Dataspel er det einaste som står i hovudet hans. Det får foreldra (Sigrid Vinjerui og Olav Øvrebø) til å reagere.
– Om ikkje du let vere å spele så mykje sender me deg til bestemor i Mo. Der er det dårleg internett og du må klare deg utan mobiltelefon, sa dei.
– Ikkje tale om, då flyttar eg heller på loftet, svara Hallvard.
– Det er greitt, og då kan du bruke tida til å rydde der oppe, meinte foreldra.
Frå data til reisebrev
Hallvard meinte det ville bli enkelt å installere internett på loftet slik at han kunne halde fram med å spele, men slik gjekk det ikkje.
Det vil seie han fekk kopla seg på ein annan persons nett, men vedkomande klarte å avsløre Hallvard.
Etter kvart byrja han å rydde i ein gamal reisekoffert. Der fann han fleire brev frå bestefaren som hadde vore mykje ute i verda i tidlegare tider.
Det var brev frå India, og skildringane blei visa på lerret som ei bildeforteljing med kommentar kopla saman med musikk frå det aktuelle landet. Frå India blei det markert med ein Bollywood-dans.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frankrike, England, Brasil, Australia og USA var andre land bestefaren hadde vitja. Publikum fekk høyre songar som var knytt til hendingar i dei forskjellige landa. «Pretty Woman», «Dancing Queen», «Hotel California» og «I am Australian» var berre nokre av songane som blei servert.
– Eg som trudde at bestefar ikkje hadde vore lenger enn til Seljord, sa Hallvard, som blei hekta på reisebreva og heretter ville bruke tida på å reise framfor å spele.
Historia, skodespelet, songane og dansane var knytt svært godt saman, og det var eit fornøgd publikum som gjekk heim etter fyrste framsyninga på kulturhuset.
– Me skal ha ei ny framsyning seinare i kveld. Elevane har øva sidan måndag, så me har altså fire øvingsdagar inkludert to framsyningar. Eg synest dei er flinke, sa lærar og prosjektansvarleg Mona Skaufel Seltveit.