Denne vegvesengule Chevrolet Suburban Scottsdale frå 1978 er lett å få auge på. Ser du denne veit du 100 prosent sikkert at det er Oddmund Vågslid og resten av E-76 som er på veg til eller frå nye spelejobbar.
Musikkbil til å dåne av
E-76-bilen kan vere den einaste i sitt slag i heile verda. I alle fall med fargen vegvesengul nummer tre.
Året er 1978. Bilfabrikanten Saab introduserer den nye 900-modellen. Jahn Teigen vinn den norske finalen i Melodi Grand Prix med songen «Mil etter mil.» På eit samleband på General Motors-fabrikken i USA trillar det ut bil etter bil. Ein av dei er ein tofarga blå Chevrolet Suburban Scottsdale, som same året blei importert til Noreg som ein av tre slike. Det var Bislett bulutleige som importerte dei lange amerikanske køyretøya med 14 seteplassar.
– Dei var kjende for å leige ut limousinar og lange bilar, seier Oddmund Vågslid, trommis og sjåfør i E-76.
Frå Oslo via Stavanger og Drøbak
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP