I helsesektoren finn ein mange kvinner i deltidsstillingar i Vest-Telemark.
I helsesektoren finn ein mange kvinner i deltidsstillingar i Vest-Telemark.

Mykje deltid gjev dårleg likestilling

Mange stader i Vest-Telemark er det over femti prosent av kvinnene som jobbar deltid. Sett opp mot dei mannlege deltidsarbeidarane gir dette ein heller dårleg skår på likestillingstabellen.

Forholdet mellom talet på kvinner og menn som arbeider deltid blir rekna som eit av dei viktigaste punkta når det gjeld likestilling i kommunane. I tabellane som Statistisk sentralbyrå (SSB) har gitt ut, kjem ikkje kommunane i Vest-Telemark spesielt bra ut.

Likestillingsindeksen til SSB rangerer ikkje lenger ei samla vurdering av kommunane. Men dei forskjellige indikatorane er like fullt vurderte etter ein indeks som samanliknar kommunane punkt for punkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om kvinner stadig får høgare utdanning enn menn, ser ikkje dette ut til å gje utslag i likare fordeling av deltidsarbeid og inntekt, konkluderer SSB med.

– Den utbreidde deltidsjobbinga til kvinner er ei likestillingsutfordring for svært mange kommunar. Dette genererer også store inntektsgap i mange av kommunane, hevdar SSB

Deltid i Vest-Telemark

Frå tabellane kan me lesa at heile 53 prosent av alle sysselsette kvinner mellom 20 og 66 år i Kviteseid kommune jobbar deltid. Då snakkar me sjølvsagt både om private og offentlege tilsette. Samanlikna med heile Noreg, er dette ein ganske stor del, då snittet for heile landet er 35,5 prosent.

Seljord, Fyresdal og Nissedal er alle oppe i nesten 52 prosent. Vinje har minst deltid i regionen, med dryge 47 prosent.

Avstanden til mennene

Men det er ikkje delen kvinnelege deltidstilsette som avgjer om kommunane kjem godt ut på likestillingsindikatoren. Det er nemleg gapet mellom menn og kvinner som er avgjerande her. Og då må me inn på «mannetabellen» også. Her kan me slå fast at det er ein mykje større del menn i Vest-Telemark som jobbar deltid enn gjennomsnittet i Noreg – som er 13,8 prosent. I Nissedal har heile 19,4 prosent av alle menn deltidsjobb. Og i Kviteseid kommune er det nesten 18 prosent av dei som er i jobb som berre delvis er i arbeid. I Telemark er delen på knapt 15 prosent.

Lokal poengscore

Såleis får Nissedal ein poengscore på 38 av 100 mogelege i likestillingsindeksen. Dette held til ein 137. plass på landsoversikta, og best i Vest-Telemark. Lista blir toppa av Kautokeino i Finnmark. Her fekk ein 77 poeng. Dei fire øvste kommunane er frå Finnmark, mens Oslo er nummer fem.

Tokke fekk berre 29 poeng, og er nummer 318 i Noreg. Best i Telemark blei Tinn, som scora 43 poeng. Sist i Telemark blei Drangedal, med berre 23 poeng. Den kommunen i Noreg som har størst gap mellom deltidsarbeidande kvinner og menn, er Sandøy i Møre og Romsdal (15 poeng).

Deltidsarbeid

Kari Ingstad er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Ho har skrive ei doktoravhandling om «helte og delte sjukepleiarar». Ho meiner statistikken viser at det er eit stykke igjen før kvinner og menn er likestilte på dette området, og at det blir store utfordringar knytt til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når kvinner eller menn arbeider deltid, klarer dei ikkje å forsørgje seg sjølve. Ein får ikkje lån, ein får låg pensjonsopptening, og då blir ein økonomisk avhengig av ein partner. Ofte må denne partneren jobbe meir overtid, for å tene meir, slik at ein får ei endå meir kjønnsdelt arbeidsdeling i og utanfor heimen, seier ho.

Ulike årsaker til deltidsjobbar

Nokre kvinner ynskjer ikkje å jobbe fullt, medan andre ikkje kan eller får 100 prosent stilling i Kviteseid kommune.

Statistikken for kvinner med deltidsarbeid i Vest-Telemark er langt høgare enn både tala for Telemark og landet generelt.

Ei forklaring kan vere at mange kvinner ikkje har høve til å jobbe full stilling kombinert med familie, barn, hus og heim sidan talet på mannfolk tilsett i olje- eller anleggsbransjen her i regionen er stor.

Av yrkesaktive kvinner, finn me flest i helsesektoren i Vest-Telemark. Her høyrer ein ofte om små deltidsstillingar, gjerne knytt til helg- og kveldsarbeid.

– Hjelpepleiarane får ofte tilbod om små stillingar under 20 prosent, men ein kan ikkje leve av ei slik stilling. Me jobbar for større stillingar, seier leiar av fagforbundet i Kviteseid, Gro Heidi Vestgarden.

Ho fortel at Kviteseid kommune har vore hjelpsame så langt som råd for å prøve å auke stillingsheimlane.

– Me har utfordringar knytt til deltidsstillingane. Nokon ynskjer større stilling, men andre er klare på at deltid er det dei ynskjer. Innanfor heimesjukepleia og på Lundenjordet har me fleire hjelpepleiarar som er tilsett i full stilling, seier Vestgarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

To i full jobb

Einingsleiar ved Kviteseid omsorgssenter (Kos), Åse Gotuholt, fortel at ho gjerne skulle gjeve fleire tilsette større stillingar om det hadde vore mogleg.

– Hadde me hatt meir midlar på budsjettet skulle fleire fått større stillingar. Per i dag er det tilsett to sjukepleiarar i full stilling ved Kos, tre har 80 prosent og ein sjukepleiar har 75 prosent. Me har gjeve fleire av dei tilsette auka stillingar, seier Gotuholt.

Ho fortel at mange av dei tilsette ynskjer å jobbe deltid på grunn av familie- eller helsesituasjon.

Vil ikkje jobbe fullt

Nokre kvinner er bevisste på valet om å jobbe deltid. På kjøkkenet på Kos møter me kokk Sigrid Østenå.

Etter mange år med full jobb, mellom anna 15 år i skogen med tømmerhogst, er valet i dag bevisst.

– Eg har 55 prosent fast stilling som kokk på kjøkkenet. I tillegg tar eg litt meir arbeid i periodar. Eg kunne kanskje tenkt med 60–70 prosent fast, men ikkje full stilling. Her er ikkje noko kvileheim, men full fart, seier Østenå.

Ho synest at deltidsjobb er det rette for ho nå.

– Det er andre verdiar i livet enn arbeid og pengar. Eg føler ikkje at eg må jobbe full jobb lenger, eg vil heller leve og oppleve litt dei åra eg har att av arbeidslivet, besøke familie og gjere det eg har lyst til. Difor ynskjer eg ikkje full jobb, smiler Østenå.