Vassmengda i Vest-Telemark vil ikkje gje dei same inntektene til kommunekassene lenger.
Vassmengda i Vest-Telemark vil ikkje gje dei same inntektene til kommunekassene lenger.

Mykje kraft - mindre inntekter

Overskot av kraft i Noreg gjer at kommunane i Vest-Telemark får langt mindre i konsesjonskraftinntekter framover.

- Det blir ein dramatisk nedgang i kraftprisen, og i 2015 er han halvert frå toppnivået i 2011. Nedgangen blir ei veldig utfordring for kommunane framover, og dei får det nok tøffare. Kraftprisen er marknadsstyrt, og det får kommunane ikkje gjort så mykje med.

Orda kjem frå Terje Bakka, sekretær for konsesjonskraftstyret i Telemark. Han fortel at alle analyseselskap seier at ut i 2015 vil kraftprisen gå ned med 30-40 prosent frå i dag. Årsaka er at Noreg har overskot av kraft fordi det blir produsert mykje fornybar energi, landet har problem med å eksportere kraft og brukar også kolkraft frå Europa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vassmangel og turkesommar vil hjelpe, men det ynskjer ein jo ikkje, seier Bakka.

Overskot:Terje Bakka, sekretær for konsesjonskraftstyret i Telemark, fortel om overskot av kraft i landet. Det får konsekvensar for kraftkommunane. (Arkivfoto)