Mykje lyd og latter når hundre musikantar møtest
Åtte korps frå Vest-Telemark var samla til øving og konsert laurdag. Blant dei hundre musikantane var ein humørfylt dametrio som held hjernen vedlike ved å spele baryton.
Det er midt på laurdagen i Kviteseidhallen. Nok ein gong er kviteseidingane Sonja Råmunddal (62) og Anny Frantzen (53) og seljordingen Inger Noraberg (52) med på eit korpsarrangement, denne gongen det årlege Vest-Telemarkstemnet.
– Me klarer aldri å slutte – det er ei slik avhengigheitsgreie. Og i eit samspel som i dag er alle avhengige av kvarandre, er trioen samde om, med kvar sine smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein blir aldri for gamal til å vere med i korps. Me er framleis med fordi det er kjempemoro, og så held det hjernen vedlike. Det er bevist, seier trioen, framleis i eit utruleg godt humør.
I 1968 blei Råmunddal for fyrste gong med i korps. Frantzen byrja som aspirant i Tokke i 1975, og Noraberg starta som aspirant året før i Høydalsmo/Lårdal. Alle tre har hatt nokre småpausar frå musikken i tida etter det, men det har blitt mykje korpsdeltaking totalt.
– Å kome saman her i dag og spele med så mange er eit høgdepunkt, seier barytontrioen, som i alle fall ikkje bles i å ha humøret på plass.
Imponert
Dirigent i Kviteseid hornmusikk, Merete Jørgensdottir Reinskås, hadde det musikalske hovudansvaret for samlinga der desse åtte korpsa var med: Haukeli/Edland, Rauland, Tokke, Høydalsmo/Lårdal, Fyresdal, Seljord, Flatdal og Kviteseid. Reinskås fortel at det i forkant blei sendt notar til korpsa som dei kunne øve på kvar for seg.
– Det blei avgjerande for at det kom så godt resultat på stemnet. Eg er imponert over musikantane, seier dirigent Reinskås, og legg til at Oddbjørn Aase var til uvurderleg hjelp i slagverkseksjonen laurdagen.
Reinskås ynskjer å rose andre også:
– Dei friviljuge hjelparane på stemnet gjorde ein fantastisk jobb. Me hadde ikkje klart å ha stemnet utan dei.
Etter øvingane i Kviteseidhallen marsjerte alle korpsa saman til Bryggeparken i Kviteseid sentrum, der dei spela to marsjar for kanalbåten Victoria. Etterpå var det konsert i parken. Aspirantane var fyrst ute, før korpset i Kviteseid og så avslutting frå eit storkorps med alle på stemnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vest-Telemarkstemnet blir halde kvart år, og arrangementet skjer ved ei rullering mellom korpsa.