Inne i ubrøyta ligg hytta i fred og ro, i alle fall for tyskaren som bygde henne og deretter stakk over alle haugar. Fyresdal kommune har bare i enkelte tilfelle lykkast å få kontakt med mannen. Tyskaren har lova ei skrifteleg avtale som gjer slutt på saka. Rådgjevar Gunnar Wraa har ikkje sett snurten av mannen på årevis, og inga avtale heller.
Inne i ubrøyta ligg hytta i fred og ro, i alle fall for tyskaren som bygde henne og deretter stakk over alle haugar. Fyresdal kommune har bare i enkelte tilfelle lykkast å få kontakt med mannen. Tyskaren har lova ei skrifteleg avtale som gjer slutt på saka. Rådgjevar Gunnar Wraa har ikkje sett snurten av mannen på årevis, og inga avtale heller.

Mysteriet på Haasum

Parsellane i småbrukarlandsbyen på Haasum har ikkje blitt tinga av nyetablerarar i like stort tempo som Fyresdal kommune hadde ynskt. Men i eitt tilfelle har det gått fort i svingane, truleg for fort. I 2003 var ein tyskar ikkje sein med å sette opp ei hytte til fleire hundre tusen kroner på ein av parsellane han hadde tinga, men ikkje betalt. Etter det har ingen i bygda sett snurten av mannen, og kommunen har måtta betalt over 60.000 kroner i rekningar som tyskaren reiste frå. – Me har streva i fleire år for å få kontakt og avtale med tyskaren, og til tider har saka vore mystisk, seier Gunnar Wraa, rådgjevar i Fyresdal kommune.

I 1999 vart Fyresdal kjent langt ut over kommunegrensa for å ha utvikla eit landbruksfrø langt utanom det vanlege. Kommunen hadde sikra seg eit 2.100 dekar stort bruk med tanke på å dele det i 17 parsellar, kvar på 70-110 mål. I utgangspunktet kostar ein tomteparsell 250.000 kroner.

Status i dag er at i tillegg til sal av sjølve gardsparsellen med bygningane som stod der, er fire parsellar selt og bygd på. Vidare er det to opsjonsavtaler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På Haasum har det vore omtrent ei busetting årleg, men me kunne ynskt to kvart år. Kommunen er ingen eigedomsmeklar, og det har nok bremsa saka. Men me hadde eigedomsmeklar på saka ei stund, det blei ikkje betre utslag av det. Sett frå alle sider skal me vere rimeleg fornøgde med Haasum-prosjektet. Elles kan eg nemne at alle etablerarane er folk som har flytta til kommunen, fortel rådgjevar Gunnar Wraa i Fyresdal kommune.

Totalt har kommunen hatt mellom 300 og 400 personar som har tatt kontakt i samband med Haasum-prosjektet, og siste året har det vore meir enn ein førespurnad i månaden.

Borte vekk 1

I 2003 fatta ein tyskar interesse for å kjøpe ein av parsellane. Mannen klemte i veg med å byggje ei 40 rutemeter stor hytte på eigedomen, før tomta var skøyta over til han.

– Tomta var ikkje overført frå kommunen til tyskaren. Men me følte oss sikre på å få pengane for parsellen, sidan han sette i gang med å bruke fleire hundre tusen på eigedomen. Hytta ville han bruke medan han bygde hus på eigedomen og etablerte seg. Kva fyren dreiv med av arbeid veit eg faktisk ikkje, seier Wraa.

Etter att hytta var ferdig og tyskaren hadde plassert ein stor konteinar i området, forsvann han plutseleg over stokk og stein, og ingen såg snurten av han lenger. Kommunen mottok rekningar som tyskaren hadde reist ifrå. Totalt er det snakk om minst 60.000 kroner til mellom anna grunnarbeid og muring.

– Kommunen måtte vel ikkje ta desse utgiftene, men valte å gjere det, seier Wraa.

Borte vekk 2

Etter lang tid fekk kommunen endeleg tak i tyskaren.

– Då lurte han på om me kunne selje tomta og hytta, og sende pengane til han. Han fekk tilbakemelding om at det ikkje var sikkert at han fekk så mykje for eigedomen. På den tida påstod tyskaren at det var to personar i Nederland som var interessert i å gje 200.000 for hytta, fortel Wraa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter den gongen kom det ein ny og lang periode der kommunen ikkje høyrde eit einaste kvekk frå tyskaren. Og ikkje frå nederlendarane heller, som visstnok var dei som skulle overta parsellen.

I fjor fann kommunen ut at ein måtte gjere noko meir med denne merkelege saka, og tok kontakt med advokat. Det blei laga eit skriv med framlegg om at tyskaren fråskreiv seg retten til hytta.

Borte vekk 3

– Me fekk endeleg tak i tyskaren att, og munnleg sa han at skrivet var greitt. Men så høyrde me ikkje noko meir frå han, fortel Wraa, og legg til at tyskaren har vore hyggeleg dei få gongene kommunen har fått fatt i etableraren som forsvann over alle haugar.

I august tok eit nederlandsk par kontakt med kommunen og lurte på å kjøpe parsellen den forsvunne tyskaren aldri hadde betala for. Paret vart gjort kjent med at det mangla avklaring om hytta på eigedomen.

– Rett før nyttår skreiv me intensjonsavtale med paret på parsellen, med atterhald om at hytta ikkje kunne vere med før det var gjort skriftleg avtale med tyskaren, fortel Wraa.

Straks på nyåret fekk kommunen kontakt med tyskaren att.

– Han beklaga at han hadde gløymt saka, og ville gje skriftleg tilbakemelding om at kommunen kunne overta hytta gratis som kompensasjon for utgiftene me har lagt ut, fortel Wraa.

Borte vekk 4

Etter det har ikkje kommunen sett noko avtale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No har det vore heilt stille att, kjem det frå Wraa som ser noko oppgjeven ut.

– Denne fyren må vere stinn av pengar eller ein rotekopp, eller båe delar. Det er ikkje så lett å få avtale med tyskaren. Me har streva i fleire år, og til tider har saka vore mystisk. Og det er mystisk at han er så likeglad, held Wraa fram.

Etter det han veit har ikkje tyskaren vore i hytta i det heile desse åra. Dei einaste som har vore innom hytta, er dei som gjorde innbrot i ho sist sommar.

– Det er visst nokon som har sett til hytta, men ingen som har hatt avtale om å gjere det, ramlar det ut av Wraa.

Den kommunale rådgjevaren varslar at saka syng på siste mystiske vers, for no er nok nok.

– Viss ikkje tyskaren får ut fingeren no, må me starte ein prosess for å få saka ut av verda, avsluttar Wraa.