Nå er det OL-pæra som lyser
Tradisjonen med OL-eld i Morgedal starta i samband med dei olympiske leikane i Oslo i 1952. Også til OL i 1960 og 1994 blei elden tent i «skisportens vogge».
Statoil, Norsk skieventyr og Kviteseid kommune har sytt for å halde liv i OL-elden, men det har vore både kostbart og forureinande. Elden er no erstatta med ei ljospære.