Det blir no høve til å lade bilen på Haukeliseter fjellstue.
Det blir no høve til å lade bilen på Haukeliseter fjellstue.

Nå kan ein lade bilen på høgfjellet

I morgon opnar ladestasjon for elbilar på Haukeliseter fjellstue.

Fortum Charge & Drives ladestad på Haukeliseter er den første i sitt slag ved Den Norske Turistforeningens hytter. Prosjektet er eit samarbeid mellom Stavanger turistforening, Haukeliseter fjellstue, Fortum og Enova. Ladestasjonen 1000 meter over havet er eit av Noregs høgst liggande ladestader for elbilar. På Fjellstua er det plassert to hurtigladarar og ein mellomrask ladestolpe med to uttak.

– Me på Haukeliseter er godt fornøgde med å få på plass ein ladestad hos oss. Det er eit godt tilbod til folk på veg over fjellet og passar bra inn i miljøprofilen vår, seier Ole Øiseth på Haukeliseter fjellstue.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han styrer turistforeiningas mest populære hytte – med 20 000 fjellglade overnattingsgjester i året, i tillegg til dei mange som kjem innom på besøk.

– Å kunne tilby både overnattande gjester og dags- og lunsjgjester lading ser me som eit stort steg for å kunne gje fleire ei betre oppleving, seier han.

– Haukeliseter har alltid vore ein skysstasjon. Når det nå kjem nye og meir miljøvennlege transportformar over fjellet, er det spesielt hyggeleg at me kan bidra til at både folk og elbilar kan få påfyll på høgfjellet mellom aust og vest, seier Preben Falck, dagleg leiar i Stavanger turistforening.

– Med tanke på rekkevidde og straumbruk for elbil ved bratte stigningar, er det veldig viktig for elbilistar med den tryggleiken ladestader plassert i høgare strøk gjev, seier marknadssjef Elise Thorvaldsen i Fortum Charge & Drive.