Etter mange utsettingar og to år utan butikk strøymde høysekkane til opninga av Joker i gamle Oftebui.– Nå me må bruke butikken, var dei alle einige om.
Etter mange utsettingar og to år utan butikk strøymde høysekkane til opninga av Joker i gamle Oftebui.– Nå me må bruke butikken, var dei alle einige om.

– Nå må me bruke butikken

Etter to år utan har høysekkane endeleg fått butikk igjen. Innbyggarane er sikre på at det er behov for daglegvarer i bygda.

20 minutt før dørene til den nye Joker-butikken opnar er det hektisk aktivitet innanfor. Kake blir sett fram og den siste finpussen blir gjort. Kjøpmann Jonas Våg må passe på at kundar ikkje smett inn døra før snora er klypt. Det er tydeleg at denne butikken har folk i Høydalsmo og grendene rundt venta på.

Ikkje hatt noko møtestad

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, nå er me leie av å køyre til Åmot. Me har sakna butikken, seier Aslaug Ormestøyl frå Lårdal.

– Me har jo ikkje hatt nokon møteplass. Ein har knapt sett folk, seier Gudny Nygård frå Høydalsmo.

Begge tok turen torsdagsføremiddag til opninga av butikken som skal vere open alle dagar heile året. Ballongar, musikk og svelesteiking utanfor markerte den store dagen som alle var einige det var for bygda. I lokala som fram til den blei lagd ned i 2008 var kjent som Oftebui, er det igjen handel, to år etter at butikken litt lengre ned i gata takka for seg.

Ordførar Jarand Felland og kjøpmann Jonas Våg klypte snora for Joker Høydalsmo og folk strøymde inn dørene for fyrste gong. Ni år etter Oftebui la ned i februar 2008, og to år etter Coop-butikken eit steinkast lenger ned i gata sa takk for seg.
Ordførar Jarand Felland og kjøpmann Jonas Våg klypte snora for Joker Høydalsmo og folk strøymde inn dørene for fyrste gong. Ni år etter Oftebui la ned i februar 2008, og to år etter Coop-butikken eit steinkast lenger ned i gata sa takk for seg.
Birger Nygård og Tove Kvaale
Birger Nygård og Tove Kvaale
Tone Ofte Greivstad
Tone Ofte Greivstad
Wiktoria Berg og Ingvild Mandt
Wiktoria Berg og Ingvild Mandt

Les saka frå 2008 då Oftebui blei lagt ned i VTB-arkivet

– Eg blei aldri femte generasjon som dreiv butikk her. Likevel er dette ein stor dag for meg, i denne butikken har eg vakse opp, sa Tone Ofte Greivstad og gav blomar til den nye drivaren, Jonas Våg.

Meir oppussing enn planlagt

26-åringen er frå Bamble og har jobba i butikk sidan han var 13 år. Dette er fyrste gongen han er kjøpmann. Han er ikkje redd for at bygdefolket har vent seg til å handle i Åmot og på Dalen i tida bygda har vore butikklaus.

– Dette skal gå bra. Eg trur folk er så glade i bygda si og har sakna butikk. Så lenge me gjev deg ein god butikk, så trur eg folk vil bruke den. I tillegg er det mykje trafikk forbi her, seier Våg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange har venta lenge på butikken som stadig har fått utsett opning. Kjøpmannen fortel at oppussinga var grunnen til at det tok lenger tid.

– Det blei meir oppussing enn me hadde tenkt. Me måtte gjere det ordentleg og ikkje halvvegs, det trur eg me er tent med nå.

Les saka: Skulle ha vore opna for eitt år sidan

I fyrste omgang skal butikken ha fem tilsette, men håpet er at dei treng fleire etter kvart. Forretninga skal i tillegg servere vegmat til dei som køyrer forbi og ha rom for bygdefolk som har sakna ein møtestad å ta ein kaffikopp på.

For Joker-kjeda er Høydalsmo ein ideell stad å opne butikk på.

– Det er absolutt grunnlag for butikken. Me tek ut analyser for kor me ynskjer å ha butikk og Høydalsmo passar heilt perfekt for oss. Befolkninga her og ikkje minst turistane treng ein butikk her. Dette er jo eit knutepunkt. Nå håpar eg dei fastbuande verkeleg ser verdien i å ha butikk og brukar den, seier driftssjef i Joker Sør-Aust, Tore Andersen.

Vil auke totalvolumet

Ordførar i Tokke, Jarand Felland fekk æra av å klyppe over snora saman med kjøpmann Jonas Våg. Han fortalde kor viktig denne dagen er for Høydalsmo som bygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein veldig stor dag. Det har vore upraktisk for høysekkane og bygdene rundt å ikkje ha butikk her dei siste åra. Eg trur ein vil auke totalvolumet på handel i Vest-Telemark med tanke på kor sentralt butikken ligg til. Også dei langvegsfarande vil stoppe og handle her. Ein køyrer jo omtrent inn i butikken, seier Felland.

– Folk har ikkje vent seg til å handle i Åmot og på Dalen der mange jobbar?

–  Nei, eg trur definitivt det er grunnlag for butikk her. Folk er patriotiske og Høydalsmo treng ein sosialt treffplass som dette. Nå håpar eg dei brukar butikken, oppmoda ordføraren.

Akkurat det var det brei semje om utanfor Joker denne føremiddagen.

– Den skal me bruke. Det høyrest ut som om dei fleste har sakna butikken. Eg er sikker på at folk vil handle her, seier Anette Sunde.

Vil gå i butikken i friminutta

Ingvild Mandt og Wiktoria Berg går begge i åttande klasse ved Høydalsmo skule. Når dei nå har butikk eit par minutt unna skulen, håpar dei at dei får lov å gå på butikken i friminutta.

– Me får ikkje lov nå, men me vil ta det opp i elevrådet. Det hadde vore kjekt å gå på butikken om ein har gløymt niste for eksempel, seier Mandt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to 13-åringane er uansett glade for at det er butikk i bygda igjen.

­– Det er veldig bra. Det kan hende me kjem til å bli ein møtestad for oss ungdomar også, trur dei to.

Viktig for bygda

Tove Kvaale og Birger Nygård er naboar i Høydalsmo og var nokon av dei fyrste som dukka opp utanfor den nye Joker-butikken.

– Før hadde me to butikkar, to kafear og to bensinstasjonar. Det er viktig at me får ein stad og handle igjen, seier Nygård.

Kvaale er like glad og fortel ho er ein av som har handla lengst i butikken som tidlegare heitte Oftebui.

– Heilt frå 1960. For meg som er eldre er det viktig å ha butikk i nærleiken. På vinterstid er det godt å sleppe og måtte over Grønliheia. Det er viktig for heile staden, folket og utviklinga av bygda med butikk. Det er ikkje noko sentrum utan, seier Kvaale.

– Ein må strekkje seg langt

Artikkelen held fram under annonsen.

Tone Ofte Greivstad vaks opp på Oftebui som foreldra hennar dreiv fram til 2008. Då hadde butikken vore i familien over fire generasjonar og 117 år. Etter ni år med tomme butikklokalet var det stort for Greivstad å sjå at det igjen er liv i bygget.

– Dette er utruleg bra. Det har blitt så moderne og fint her inne. Dette har innbyggjarane venta på og masa på, og dei har vel nesten ikkje trudd det når dei såg at opninga endeleg var her, smiler Greivstad.

Ho trur det absolutt er grunnlag for butikk i bygda om drivarane jobbar godt nok.

– Dei må stå på og strekkje seg langt for å gje kundane det utvalet dei vil ha.

– Klarer du å kalle butikken for Joker?

– For meg vil det alltid vere Oftebui, men eg skal prøve å kalle det bui iallfall, ler Greivstad som nå er busett i Lunde.