Namnedag 15. september

Aslak er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne Áslákr er ei form av Ásleikr, 'han som gleder gudane', sett saman av áss, ås og leikr, 'leik, noko som gleder'. Åsleik er ei anna moderne norsk form av namnet. Ásllak og Ásllat er samiske former.

Eskil, Eskild ogAskild er mannsnamn av norrønt opphav. Eskil er ei dansk og svensk form av det norrøne Áskell, på norsk også kjend som Askjell. Namnet er sett saman av áss, 'ås' og ketell, '[offer]kjel'.