Naturvernforbundet kan ikkje krevje hogstforbod
Høgsterett har avvist eit krav frå Norges Naturvernforbund om hogstforbod. Det prinsipielle resultatet er Skogeigarforbundet svært nøgd med.
Ein skogeigar i Luster i Sogn og Fjordane har i over eitt år hatt Naturvernforbundet på nakken. Forbundet kravde permanent hogstforbod i ein monaleg det av skogeigedomen, utan at saka var lagt fram for offentlege styresmakter.
Barskogutvalet for Vestlandet føreslo for ein del år tilbake å verne skogområdet som naturreservat etter naturvernlova, men framlegget blei trekt i 1991. Ein fleirbruksplan fylkesmannen i Sogn og Fjordane godkjente i 1994, slår fast at området ikkje har særskilte avgrensingar for hogst.
Artikkelen held fram under annonsen.
I september i fjor starta skogeigaren hogst av 1.000 kubikkmeter furu. 60 prosent var avverka før Naturvernforbundet bad om at hogsten blei stoppa. Skogeigaren nekta og forbundet fremja hogstforbodet for namsretten.
Offentleg oppgåve
25. november i fjor avviste namsretten kravet frå Naturvernforbundet, som straks anka til lagmannsretten. Der blei kravet igjen avvist. Forbundet gav seg ikkje og påkjærte saka til kjæremålsutvalet i Høgsterett. Der blei det opna for at Høgsterett skulle avgjere saka som har prinsipielle sider.
Naturvernforbundet stod hardt på at når skogoppsynet har latt vere å handheve skogbrukslova, har forbundet rettsleg interesse i å opptre for å sikre interessa ålmenta har av naturmiljø og friluftsliv.
I saksutgreiinga presiserer Høgsterett at den klare hovudregelen må vere at det er ei offentleg oppgåve å sjå etter at skogbruksreglane blir etterlevd. Høgsterett påpeikar at ved direkte bruk av rettsapparatet for å oppnå hogstforbod og vern ville domstolane gripe inn i prioriteringa forvaltinga finn nødvendig og meiningsfull ut frå ei breiare fagleg og administrativ vurdering. Høgsterett minner om at det verken ligg føre forslag om vern av skogeigedomen eller vedtak om mellombels vern.
Tapa for tredje gong
Ein samrøystes Høgsterett avviser kravet til Naturvernforbundet om hogstforbod. Sidan saka har prinsipielle spørsmål, blir det ikkje tilkjent sakskostnader i samband med handsaminga i Høgsterett. Naturvernforbundet må betale sakskostnadene skogeigaren hadde både i namsretten og lagmannsretten.
Norges skogeierforbund har hjelpt skogeigaren i Luster i saka. Forbundet er glad for at domen i Høgsterett slår fast at skogeigarar har eit rettmessig behov for vern mot søksmål frå miljøvernsida.
Me er svært nøgde med at Høgsterett så klart og prinsipielt har avvist kravet frå Naturvernforbundet. Skogeigaren som uforskyldt er blitt Naturvernforbundets motpart, er i over eitt år påført store belastingar økonomisk og kjenslemessig, seier Inge Fjalestad, næringspolitisk sjef i Skogeigarforbundet.
Fleire lyspunkt
Høgsterett har vidare i domen slått fast at skogbrukslova ikkje kan brukast for å oppnå vern av skogområde. Varig vern skjer bare ved vedtak om områdevern etter naturvernlova.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me er svært nøgde med at stortinget for kort tid sidan gav brei tilslutting til opplegget frå Skogeigarforbundet om nye og konfliktdempande prosessar i arbeidet med barskogvern. Når nå domen i Høgsterett også set ting på plass slik me hadde venta, bør skogeigarar kunne sleppe slike unødvendige belastingar framover, avsluttar Fjalestad.