Nei til hytter på Bossbøen
Vinje kommune fryktar at ei vidare hytteutbygging på Bossbøen, ved grensa til Tinn, vil bidra til å stengje den siste korridoren for mogleg utveksling av rein mellom Hardangervidda og Brattfjell Vindeggen.
Sjølv om ein villreinrapport viser at det har vore lite utveksling av dyr mellom Hardangervidda og Brattfjell Vindeggen dei siste åra, meiner administrasjonen i fleirtalet i planutvalet i Vinje at ei vidare utbygging av hytter på Bossbøen kan stengje denne korridoren.
Dermed etterkjem kommunen Fylkesmannen sine ynskjer. Etter at kommunestyret for to år sidan opna for å leggje ut eit område med plass til om lag 100 nye hytter, retta Fylkesmannen motsegn. Etter mekling gjorde Vinje kommune framlegg om å redusere omfanget på utbygginga til 25 hytter, men Fylkesmannen opprettheldt motsegna, og ynskte ein villreinrapport som supplement til ferdselsregistreringa kommunen viste til.
Artikkelen held fram under annonsen.
No føreligg denne rapporten, og plan- og økonomisjef i Vinje kommune, Jan Myrekrok, meiner at rapporten ikkje kjem med overraskingar.
Meir utbygging på Bossbøen vil, etter administrasjonen sitt syn, bidra til å stengje den siste korridoren for mogleg utveksling av dyr mellom Hardangervidda og Brattefjell Vindeggen, seier Myrekrok, og legg til at dette har vore administrasjonen sitt syn heile tida.
Fleire rein, færre folk
Det er Bossbøen jagtselskab som ynskjer å leggje til rette for hytteutbygginga. I eit brev til kommunen i fjor peikar Carsten H. Holtermann i jaktselskapet på kva ei slik utbygging vil bety for næringsliv og busetjing i kommunen.
Noko sett på spissen kan me kome i den situasjonen at me får fleire rein, men på grunn av mangel på arbeidsplassar; vert det færre innbyggjarar i Vinje generelt og Møsstrond spesielt, skriv han i brevet.
Bossbøen jagtselskab viser til ei utgreiing om hytter og næringsutvikling i Oppland, fylket med flest hytter. I fylgje Bossbøen jagtselskab vil ei utbygging på kring 100 hytter tilføre Vinje kommune 157-188 årsverk i åra bygginga føregår.
Under drifta av hyttene vil hyttebebuarane leggje att minimum 4,4-5,3 millionar kroner i året, meiner Holtermann.
Jaktselskapet meiner også Fylkesmannens miljøvernavdeling ikkje kjenner dei lokale forholda godt nok.
Låg skala
Kommunestyret såg i si tid utbygginga som viktig for å stø opp om utviklinga kring Skinnarbu og Viddasenteret, styrkje infrastrukturen i området og at utbygginga skulle vera eit døme på god lokal byggjeskikk ved inngangen til Vinje kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Myrekrok trur ikkje på noko større næringsutvikling på Møsstrond som fylgje av ei utbygging. Han meiner at om kommunen skulle vinne fram med krav om hyttebygging, ville denne vera av så låg skala at verdien ville ha lite å seie som tilvekst for andre aktivitetar i Skinnarbuområdet.
I høve til senter- og servicefunksjonar, vil nærleiken til Rjukan truleg medføre at dette hyttefeltet vil sokne dit når det gjeld forbruk av varer og tenester, heiter det i saksutgreiinga.
Eit nytt fjellregionsamarbeid skal sjå på framtidas fjellhytter. Vinje kommune meiner at dette prosjektet ivaretek byggjeskikken og miljøaspektet som utbyggingsplanane på Bossbøen tidlegare har brukt som argument. Kommunen vurderer det også som positivt å halde på eit område langs ein hovudveg som syner låg utbygging.
Vanskeleg i departementet
Det blir også vist til at Saltdal, Steinkjer og Oppdal kommunar har fått negative avgjerder i Miljøverndepartementet i høve utbyggingsplanar kontra reinsdriftsinteresser tildegare i år.
I vedtaket i planutvalet blir Bossbøen eit landbruk-, natur- og friluftsområde. Framlegget til endring av arealdelen i kommunedelplanen blir lagt ut til offentleg ettersyn. Etter høyringa skal saka tilbake til planutvalet.
Dette blei vedtatt med fire mot tri røyster. Dersom mindretalet, som ynskte å disponere området til byggjeområde for fritidsbustader eller andre føremål, hadde fått viljen sin, ville saka gått til Fylkesmannen med oppmoding om å trekkje motsegna.