Nei til tomtekjøp i bustadfelt
Olav Åge Askje søkte om å få kjøpe to av dei ledige bustadtomtene på Huvestad på Dalen. Han fekk avslag frå teknisk utval, sjølv om etatssjefen var positiv til søknaden.
Eg skjønar ikkje kva som gjer at Tokke kommune stikk kjeppar i hjula mine heile tida. Frå andre i teknisk utval har eg fått fleire versjonar av avslaget. Nokon seier det er fordi dei ikkje vil ha ungdom i husa, og andre seier at det ikkje skal byggjast hus slik at ein kan tene pengar på det. Då spør eg meg; om så var tilfelle, er ikkje det vegen å gå for å rekruttere nye innbyggjarar til kommunen, slik dei er så himla opptekne av? No var ikkje planen min å leige ut til ungdom utover dei reglane som ligg føre med tanke på hybelbygg, seier ein oppgjeven Olav Åge Askje.
Teknisk utval sa nei
Etatssjefen meinte Askje burde få kjøpe tomtene på vilkår at han fylgde dei oppsette planskisser og føresegner. Dei omfattar også at det maks kan setjast opp to vertikale delte brukseiningar, og at ved eventuelt utleige til skuleungdom skal det vere maks ein hybel i kvar bustadeining.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anneken Schlenzig (SV) kom med fylgjande framlegg til vedtak: Det vert framleis ikkje høve for private selskap, firma eller liknande å tinge tomter. Dette framlegget vann fram med fire mot tri røyster.
Søkte som privatperson
Eg søkte som privatperson, og kan derfor ikkje skjøne at dette er relevant. I februar då eg var ned på kommunehuset og snakka med dei på teknisk etat, fekk eg beskjed om at eg måtte få teikna husa slik at dei kunne leggjast inn på data på dei aktuelle tomtene. På den måten skulle kommunens folk sjå korleis husa tok seg ut på tomtene. Eg trur heller ikkje dette er vanleg framgangsmåte når folk ynskjer å kjøpe tomter i regulerte bustadbyggjefelt, undrar Askje.
Han gjorde som han blei beden om og la fram teikningane, men det var heller ikkje nok.
For fine hus
Det fyrste eg fekk beskjed om var at eg ikkje kunne sette opp så fine hus på tomtene. Då måtte eg berre le, smiler Askje.
Olav Åge Askje er hovudaksjonær i entreprenørfirmaet TTE AS, og har etter mange år i bransjen mange maskinar og personar i arbeid. Han føler at det har vore tungt og nesten umogleg å få til eit samarbeid med Tokke kommune sidan han starta i entreprenørbransjen.
Dette føyer seg inn i rekkja av motgang i kommunen, seier Askje, som meldte flytting til nabokommunen Vinje for eit par år sidan.
Eg har i alle fall ikkje kome på tanken om å flytte attende etter dette, sukkar Askje.
Ein av medlemene i teknisk utval, Dag Nordskog, er sjokkert over handsaminga Askje har fått av Tokke kommune gjennom åra. Han har vore med i teknisk utval i seks år, og han skjønar at Askje er frustrert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjøpt tomter ein annan stad
Han har stanga hovudet i veggen heile tida, og i denne saka er eg sjokkert. Eg synest det er galskap at ikkje kommunen vil at folk byggjer bustadar i byggjefelta dei lagar til. Det er tydelegvis berre utvalde som får lov til å sette opp hus. No veit eg at Askje har kjøpt tomter i ein annan kommune, og det er meiningslaust at me går glipp av dette. Innbyggjartalet i kommunen er på full fart nedover, og så skjer slikt som dette. Det kan ikkje skuldast anna enn misunning, trur Nordskog.
Spesielle reglar
Askje har høve til å anke avslaget i teknisk utval, men det ynskjer han ikkje å gjere.
Nei, dette er ei sak som eigentleg ikkje burde vore innom teknisk utval i det heile. Dette kunne dei ha sagt ja til på teknisk etat, så noko anke kjem ikkje på tale, seier ein frustrert Askje som meiner det burde vere unødvendig å gå til media for å sette fokus på saken.
I dei seks åra eg har vore i teknisk utval, har eg aldri vore med på noko liknande. Det er tydelegvis heilt spesiell reglar som gjeld for Olav Åge Askje, slår Dag Nordskog fast.
La til rette
Avdelingsingeniør Ove Geir Nevestveit var sakshandsamar frå kommunen si side, og han seier dei prøva å legge til rette for at Askje skulle få byggje.
Det blei stilt spørsmål til intensjonen hans sidan tomtene i utgangspunktet er tenkt for folk som skal busetje seg der. At han ynskte å leige vekk eller selje husa med tid og stunder, gjorde til at det blei eit avvik frå intensjonane og dermed var det heilt naturleg å lyfte dette på eit politisk nivå i teknisk utval, forklarer Nevestveit.
Han understrekar at Askje har høve til å anke avslaget i teknisk utval.
Burde anke
Geir Arild Djuve er leiar i teknisk utval. Han gjekk inn for at Askje skulle få kjøpe tomtene, og han meiner konseptet med utleigebustader er bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Initiativet er bra og det er trong for bustader. Det er viktig å seie at dette ikkje har noko med person å gjere. Det var intensjonen som gjorde at det blei ein diskusjon i utvalet. Det ligg vel også i vedtaket at om ein opnar for bygging av utleigebustader, så burde dette lysast ut før ein sa ja i dette tilfellet. Eg skulle ynskje Askje ville anke i dette tilfellet, kommenterar Djuve.