Nesten 300 000 fordelt på tre fjøs
Formannskapet i Fyresdal gav i sist møte tilskot til fjøs både i sentrum, Kilegrend og Borggrend.
Gjermund Bergsland og Mai Kile kjøpte Jardfald i Borggrend hausten 2011. Bergsland har søkt Fyresdal kommune om tilskot til utbygging/ombygging av fjøs til ammeku.
Rådmannen meinte at med grunnlag i eit kostnadsoverslag på 1,4 millionar kroner, kan ein gje eit investeringstilskot på 140 000 kroner frå næringsfondet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Formannskapet var samd med rådmannen i at ein ser svært positivt på satsinga med å bygge ut til ammekuproduksjon på bruket. Ordførar Erik Skjervagen (Ap) føreslo eit tilskot på 100 000 kroner, noko som blei vedteke med dobbeltrøysta hans.
Sikrar eigen arbeidsplass
Prosjektet i Borggrend går ut på å byggje om det gamle fjøset der mesteparten av innmaten blir tatt bort. I tillegg skal det setjast opp stolpehus. I området bak fjøsa skal det bli lagt til rette for utefôring.
Innovasjon Noreg stør satsinga med 580 000 kroner. Eit såpass høgt tilskot blir gjeve fordi Bergsland kjem inn under ordninga «Generasjonsskifte for unge brukarar under 35 år».
På bruket blir det lagt opp til 400 000 kroner i eige arbeid og 342 000 kroner i eigne midlar i byggjeprosjektet.
Nortura har utarbeidd driftsplan for 15 mordyr med sal av kalv og rekruttering av påsett frå eigen buskap på Jardfald.
«Ved å satse på dette i ein kombinasjon som sjølvstendig næringsdrivande innan tilleggsproduksjonar som rundballepressing, brøyting og skogsarbeid sikrar Gjermund sin eigen arbeidsplass», skriv sakshandsamar Elin Skålid.
Vidare skriv ho dette om bondesatsinga til Bergsland og tilskot frå kommunen:
«Det er ofte betydeleg betre inntening i andre yrke, så nokre gulrøter til dei som vil lage maten vår er absolutt positivt for rekrutteringa. I dette tilfellet er det ny landbrukssatsing på eit småbruk som berre har blitt brukt som buplass i mange år».
Artikkelen held fram under annonsen.
Får tilskot om han overtek
I ei anna landbrukssak ser formannskapet svært positivt på satsinga til Knut Vik. Han skal bygge nytt fjøs til sau og ammeku på Rui i Kilegrend. Med grunnlag i eit kostnadsoverslag på 1,13 millionar kroner, løyver politikarane eit investeringstilskot på 113 000 kroner frå næringsfondet. Vilkåret er at søkjar må legge fram avtale om overtaking av eigedomen før utbetaling.
Knut Vik har vore bonde i ni år, og overtok drifta av garden etter foreldra. Sonen starta med 60 vinterfôra sauer, og nåverande buskap er på over 160 dyr. Han forpaktar bruket, og planen er å kjøpe garden i 2020. Vik ynskjer å styrke bruket og sin eigen arbeidsplass med å auke sauetalet til om lag 200 vinterfôra. Vidare ynskjer han å drive med telemarksku som ammeku (6 dyr).
«Å drive eit kombinasjonsbruk både med sau og ku har mange føremoner. Særleg er det beitebruken som vert optimalisert, då ein del innmarksbeite som er vanskeleg å pusse med beitepussar om sommaren ofte blir vraka som beiteområde av sauene på hausten då graset har blitt for gamalt. Ved beiting med storfe ein gong i løpet av sesongen vert graset akkurat høveleg når sauene kjem frå heibeite», skriv sakshandsamar Elin Skålid.
Fjøset Vik skal ha er ein enkel uisolert fleksibel hall der dyra skal gå på talle.
Innovasjon Noreg har gjeve eit tilskot på 280 000 kroner. Vik reknar i utgangspunktet med å ta opp eit lån på 750 000 kroner.
Positivt preg på sentrum
Vidare ser formannskapet svært positivt på satsinga til Gunhild Agnes Svalestog med å bygge om eksisterande driftsbygning på garden sin i Fyresdal sentrum slik at det framleis kan vere sauehald der. Med grunnlag i eit kostnadsoverslag på 795 000 kroner blir det løyvd eit investeringstilskot på 80 000 kroner frå næringsfondet til kommunen. Elles har Svalestog fått eit tilskot på 160 000 kroner frå Innovasjon Noreg.
I 1996 overtok Gunhild Agnes garden Svalestog etter foreldra, og har om lag 110 vinterfôra sauer. I mange år har ho hatt dyra i reiskapshuset, då sauefjøset har vore i for dårleg stand til sauehald. Nå skal fjøset byggast om for å kunne ha dyra. I tillegg til gardsdrifta har Svalestog 50 prosent stilling som hjelpepleiar i kommunen.
«Å ha aktiv drift av gardsbruk i sentrum gjev mange positive ringverknader. Kulturlandskapet i området held seg ope og beitedyra set eit positivt preg på sentrum. Nærleik til barnehage og skule er også verdifullt då Gunhild Agnes ikkje er vanskeleg å be på. Til Svalestog kjem det kvart år grupper med born på vitjing i sauelemminga, og om hausten ved slakting av lam i bondelaget sin regi», skriv sakshandsamar Elin Skålid.