Nesten så taket lyfta seg
Tysdag for ei veke sidan vitja gospelartistane Elsa Harris og Angela Primm Moland kyrkje i Fyresdal. Saman med Førsdal bygdekor og Tokke songlag skapte dei himla bra stemning.
Det var bortimot fullsett i Moland kyrkje då gospelartistane og kora underheldt. Med sine kraftige stemmer og flotte pianospel gjorde Harris og Primm sitt til at taket i kyrkja var i ferd med å lette ...
– Good evening! Tonight you are going to be a part of a black Gospel Church. Don’t be afraid, it’s allright, innleidde Primm.
Artikkelen held fram under annonsen.
– God kveld! I kveld blir de alle ein del av ei svart gospelkyrkje. Ikkje ver redde, det er heilt greitt, er omsetjinga til norsk.
Anerkjente artistar
Primm meinte vidare at Noreg må ha verdas beste sjåførar, sidan vegane i landet er både svingete og bratte.
Både Primm og Harris er kjente gospelartistar i heimlandet USA, og dei har turnert Noreg fleire gonger. Det var faktisk i Noreg at dei møtte kvarandre i 2014.
Angela Primm er frå Nashville i Tennesee, medan Elsa Harris bur i Chicago. Sistnemnde har turnert mykje saman med Jessy Dixon, og vore hans faste klaverist og songar.
Primm fortalde litt om historia og bakgrunnen for gospelmusikken blant dei svarte.
– I slavetida fekk ikkje slavane lov til å snakke med kvarandre. Men dei fekk lov til å syngje. Dermed blei songen deira måte å kommunisere, og å sende kryptiske meldingar til kvarandre på, sa ho.
Dyktige kor
Båe artistane bidrog til at publikum blei med på fleire av songane, og dei lokale kora presterte særs godt saman med Primm og Harris.
«Swing Low, Sweet Chariot», «Just a Closer Walk With Thee», «Joshua Fit the Battle of Jericho» var berre nokre få av dei kjente songane som blei sunge med kraftige røyster og svingande tonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– You have power in your claps, and you are blacker than you think, kommenterte Primm.
– De har kraft i klappinga dykkar, og de er svartare enn de trur.
Ekstra ekstranummer
Etter at artistane hadde gått av scena etter å ha gjennomført eitt ekstranummer, var publikum likevel ikkje viljuge til å forlate kyrkja i Fyresdal. Då både Harris og Primm kom ut av kyrkjeromet etter å ha skifta for å forsetje på norgesturneen med Østfold som neste stoppestad, måtte dei ta endå eit ekstranummer.
– Dette har me aldri opplevd før. Tusen takk til alle saman, bukka og takka dei amerikanske gospelstjernene.