Nevrologen frå Seljord
Hilde Karen Ofte (40) tok i fjor haust doktorgrad innan klasehovudpine. Nevrologen som i dag er busett i Bodø har ein draum om at pasientar med kroniske sjukdommar skal få ei meir tverfagleg oppfylging i framtida.
Det er mange år sidan Hilde Karen Ofte budde heime i Seljord. Men kvar sommar og i andre lengre feriar tar ho med mann og barn heim til familie og vener i Telemark.
Til dagleg arbeider Ofte som nevrolog ved sjukehuset i Bodø, og i fjor haust disputerte ho med ein doktorgrad innan helsevitskap, spesialisert innan den mest smertefulle hovudpina av dei alle – klasehovudpine.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ein relativt sjeldan sjukdom, men mellom fire og fem tusen menneske i Noreg lir av dette. Han har kjenneteikn med gjentakande anfall av intense, sprengjande smerter bak det eine auga, og symptoma påverkar også det autonome nervesystemet som gjev eit raudt og rennande auge, forklarar nevrolog Ofte.
– Anfalla kjem påfallande periodisk, og ein meiner difor at dei har ein samanheng med den biologiske klokka i hjernen som styrer rytmen i kroppen. I doktorgraden såg eg på korleis den biologiske klokka kan ha ein samanheng med klasehovudpine, seier Ofte.
Litt tilfeldig yrkesval
Ofte trødde barne- og ungdomsåra heime i Seljord, og var ferdig på vidaregåande skule i Bø i 1996.
– Då reiste eg til Arendal for å gå på sjukepleia. Men eg var usikker på om det var den rette yrkesvegen for meg, så eg tok eit pauseår heime i Seljord, arbeidde på sjukeheimen og tok kjemi som privatist på Kvitsund gymnas, seier Ofte og forklarar at faget var naudsynt for å kome inn på legestudiet året etter.
Det var kanskje litt tilfeldig at det var denne vegen ho skulle vidare.
– Eg kan ikkje hugse at eg drøymde om å bli lege som ung i alle fall, smiler ho.
Hausten 1998 gjekk turen til Tromsø, og det fyrste av i alt seks år ved legestudiet starta.
– Då eg flytta kjente eg ingen. Men eg tenkte at mamma kjem frå Mo i Rana, og der har me vore mykje på feriar, så eg var litt førebudd på livet nordafor. Eg hugsar at eg tenkte at nå kjem eg nærare mormor og morfar, men det er veldig langt frå Mo i Rana til Tromsø, ler Ofte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har gode minne frå ei fin studietid, og Tromsø er absolutt ein studiestad ho anbefaler andre.
Var lege i heimbygda
Kjærleiken til ein lofotværing gjorde sitt til at Ofte ynskte å bli nordafor etter utdanninga. Men etter sju år i Tromsø gjekk turen sørover for å praktisere.
– Eg var i Stavanger i turnus, og me budde der i tre år. Og eg var faktisk innom legekontoret i Seljord eit halvt år i turnus også. Då budde me heime hos mamma og pappa, det var koseleg, minnest ho.
Å vere dokter i eiga bygd var stas.
– Det var litt rart å vere lege for folk ein kjenner godt, men det gjekk veldig fint. Og eg må nytte høvet til å skryte av helsevesenet i Seljord, det fungerer veldig bra og det er eit godt samarbeid mellom dei ulike einingane her, seier ho.
Men familien ville nordover att og flytta til Bodø, der det var ledig jobb på nevrologisk eining på sjukehuset.
Nevrolog
Men kvifor spesialisere seg til å bli nevrolog, og ikkje ålmennlege?
– Det var litt tilfeldig. Eg søkte der det var jobb, slik er det nok for mange legar, trur ho og legg til at ho har ein veldig spennande jobb, og med ein doktorgrad får ho endå fleire moglegheiter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Den gjev meg betre høve til å få til dømes ei stilling som overlege, eg kan undervise studentar eller vere med på forskingsprosjekt, seier Ofte.
– Eit par år etter eg starta å jobbe på sjukehuset fekk eg noko som heiter D-stilling, der sjukehuset fristiller halve arbeidstida, slik at ein kan drive med forsking og gjennomføre ein doktorgrad, fortel ho.
Hovudpine
Ofte spesialiserte seg innan den ekstreme typa hovudpine – klasehovudpine, men seier det er veldig mange ulike typar hovudpiner.
– Migrene er kanskje den mest kjente av dei, og hovudpine generelt sett har kanskje ikkje hatt så høg status, meiner ho.
– Kvifor det?
– Det er ein kronisk sjukdom, og det har nok frå gamalt av vore ei oppfatning av at heile nevrologifeltet, nervesystemet og hjernen har vore eit område ein ikkje kunne gjere så mykje med, seier ho.
Ofte meiner det nærast har skjedd ein revolusjon dei siste ti til femten åra, med at ein mellom anna ved hjelp av MR kan mykje meir om korleis hjernen og nervesystemet fungerer.
– Og så er det nå slik i medisinen. Det ein kan gjere noko med, det har alltid vore meir populært å halde på med enn anna, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho meiner plagar som migrene, hovudpine og kroniske smerter har vore litt håplaust sidan ein ikkje trudde ein kunne kurere det.
– Eg meiner at det kan og bør kunne endre seg. Men ein veit framleis ikkje kvifor ein får hovudpine – så det får vere eit mål i framtida å finne ut av det. Mellom 10 og 15 prosent av den norske befolkninga er plaga med migrene, – det er ganske mange. Hjernen er eit fantastisk organ, men ein kan ikkje ta den ut og studere kva som skjer, difor er det ikkje lett å finne dei rette svara, meiner Ofte som legg til at det skjer mykje forsking innan migrene og at det vil kome nye medisinar snart.
Klasehovudpine
Men doktorgraden til Ofte handla om noko meir sjeldan enn vanleg migrene. Ho såg nærare på diagnosen klasehovudpine.
– Noko av det mest spesielle med diagnosen er at det i hovudsak er menn som får klasehovudpine, seier Ofte, og legg til at anfalla som kjem, ofte er tidsinnstilt.
– Anfalla kjem ofte til same tid kvar gong, noko som er veldig rart. Dei er periodisk. Ein kan få opp til åtte anfall i døgnet, og dei kan vare frå tre minutt til tre timar og er veldig intense. Klasehovudpina blir også kalla «suicide headache» på engelsk, og den kjem gjerne intenst i ein kortare periode før den kjem tilbake den same perioden neste år, seier Ofte.
Sidan den kjem tilbake på faste tider meiner Ofte at det må ha ein samanheng med den biologiske klokka.
– Det var også nettopp dette eg forska på, eg ynskte å sjå når anfalla kom i samband med døgnrytme og søvn. Me kartla når pasientane fekk hovudpinen i løpet av døgnet, og 60 prosent av dei meinte at anfalla kom til faste tidspunkt, slik at dei nesten kunne fastslå når neste anfall skulle kome, fortel ho
Ofte fortel at dei også fann ut at 40 prosent av pasientane hadde store søvnvanskar, og over halvparten av dei var skiftarbeidarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samla 70 pasientar
Via sjukehusa i Nord-Noreg sine registre over personar med klasehovudpine registrert dei siste 10 åra, fekk Ofte med 70 stykk i ei undersøking.
– Men dette var berre dei som har vore hos lege, som har blitt vist til spesialist og fått ein diagnose. Mørketala er nok store over kven som slit med dette. Og det tek lang tid å få diagnosen, sjølv om den eigentleg er lett å stille.
– Undersøkinga mi viste at pasientane i snitt bruka seks år på å få den rette diagnosen. Klasehovudpine er kanskje ikkje så kjent der ute, meiner Ofte.
Ho har eit stort ynske om å finne svar og hjelpe fleire.
– Det er litt av misjonen min å gjere denne diagnosen betre kjent slik at fastlegar kjenner til han, og fleire pasientar kan få rett behandling, seier Ofte.
Kan lindrast
Ofte fortel at det i dag finst ganske gode behandlingsformer for klasehovudpine, og pasientane brukar den same medisinen som migrenepasientar.
– Men i staden for tablettar og nasespray kan ein ta medisinen med sprøyte eller dei kan inhalere oksygen. Det finst altså behandling, ein kan ikkje kurere, men ein kan hjelpe pasientane, seier ho.
– Er klasehovudpine noko pasientar i alle aldrar kan få?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me leita berre hos vaksne, men eg kjenner til at barn også kan få det. Det er mest vanleg at diagnosen startar når ein er mellom 20 og 40 år, og mange eldre meiner at anfalla blir svakare frå 60-årsalderen, seier nevrologen.
Ofte fortel også at det er fleire kvinner som har fått diagnosen dei siste 40 åra, og at heile 80 prosent av pasientane hadde røykt eller røyka. Dette ser ein også frå forsking i andre land.
– Eg føler me har funne mange spor, men me har ikkje klart å løyse gåta heilt om kvifor nokon får klasehovudpine. Draumen min er å finne årsaka, slik at me kan kurere det, smiler ho.
– Men det er vel meir realistisk at me får fleire behandlingsformer som kan hjelpe pasientane. Det eg skulle ynskje meg, var ei tverrfagleg tilnærming for dei som er hardast ramma, slik at dei kunne få ein kombinasjon av medikamentell- og fysikalsk behandling saman med smertemeistring. Eg ynskjer at det i det offentlege kunne kome ei tverfagleg oppfylging av dei kroniske pasientane. For å leve med kroniske smerter som dette, gjev også psykiske og sosiale problemstillingar som er ganske omfattande. Om ein ikkje er deprimert frå før, kan ein fort bli det om ein går rundt og har vondt i hovudet til kvar tid, meiner nevrologen.
– Så å kunne følge opp pasientar meir heilskapleg, det er draumen min, seier Ofte.
– Til meir vondt du har, til meir vondt kjenner du
Ofte har mykje kunnskap om hovudpine og seier at kronikarane ofte har fleire typer hovudpine på ein gong, og ein får ofte fleire plager om ein fyrst kjenner smerte ein stad. Ho er oppteken av at ein skal kartlegge kva type hovudpine pasienten har, om det er migrene, spenningshovudpine eller anna, og at ein har litt ulik behandlingsstrategi for dei ulike typene.
Ofte er også opptatt av å få fram at eit stort forbruk av smertestillande kan vere årsak til hovudpine i nokre tilfelle.
– Om ein brukar mykje smertestillande, vil dette resultere i at ein vil få meir vondt i hovudet. Brukar du til dømes smertestillande over femten dagar i månaden i tre månadar er det ein risiko for at du får ei tilleggshovudpine til den du alt slit med. Difor må mange av pasientane mine ofte gå heilt utan medisinar i tre til fire veker før me startar ei behandling. Eg har faktisk sett at plagene blei litt mindre etter denne perioden enn dei var før, seier Ofte, som innrømmer at kronisk hovudpine ofte er vanskeleg å behandle.
– Om ein har hatt mykje hovudpine over fleire år finst det dessverre ikkje noko «quick-fix» – det tar tid, seier Ofte, og meiner at dei aller fleste kan få god hjelp, sjølv om ho jobbar tettast på dei mest alvorlege pasientane.
Ynskjer å forske meir
Sjølv om doktorgraden er på plass, held Ofte fram med eit forskingsprosjekt der ho fylgjer nokre av klasehovudpine-pasientane sine vidare. Dei nyttar nå eit armbandsur som registrerer mellom anna ljos og søvnkvalitet hos pasienten.
– Dette blir kalla aktigrafi, og slik kan eg måle søvnen hos pasientane og registrere anfall når dei får det. Dette er det ingen som har forska på tidlegare. Då eg tok doktorgraden spurte eg pasientane, ut frå hukommelsen, om når dei fekk anfall. Nå får eg registrert anfalla heilt eksakt når dei skjer, seier Ofte, som trur at prosjektet vil halde fram nokre år før dei kan seie noko om resultat.