NHO: Store sigrar for næringslivet

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) meiner regjeringas endringar i statsbudsjettet er viktige steg i rett retning.

– Forslaget inneber ei omlegging av norsk økonomisk politikk i retning av skattereduksjonar og vekstfremjande investeringar, slik næringslivet lenge har bede om, seier administrerande direktør Kristin Skogen Lund i ei pressemelding. NHO er nøgde med reduksjon av den alminnelege skattesatsen til 27 prosent. Regjeringa opnar også for ytterlegare vekstfremjande skatteletter blant anna i arbeidet med selskapsskattereform.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fjerning av arveavgifra er eit viktig gjennomslag som vil lette generasjonsskifte for mange norske bedrifter, seier Skogen Lund.