Eit slik merkeband kan ein få om ein tek turen innom kommunehuset. Dette kan ein feste på ei brøytestikke eller likande for å markere staden der ein eventuelt har køyrd på eit dyr.
Eit slik merkeband kan ein få om ein tek turen innom kommunehuset. Dette kan ein feste på ei brøytestikke eller likande for å markere staden der ein eventuelt har køyrd på eit dyr.

Ni elgar påkøyrd på to veker

Landbrukssjef Gunnhild Breiland i Tokke og Knut Gaastjønn frå jegerkorpset i kommunen melder om mykje elg langs vegane og oppmodar bilistane om å ta det med ro.

– Eg er kjent med at det har vore mange elgpåkøyrslar dei siste vekene. Det er ikkje uvanleg, men dersom ein er ekstra på vakt er det nok mogleg å unngå til ein viss grad, seier Breiland til VTB.

Knut Gaastjønn frå Åmdals Verk er med i jegerkorpset i Tokke, og han fortel at berre dei to siste vekene har ni elgar blitt påkøyrde. Han oppmodar bilistar om å ta ekstra omsyn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Seks eller sju har bitt påkøyrde på E134, medan eit par har møtt sin lagnad andre stader. Det er svært mange spor etter elg langs fleire bilvegar, så det er absolutt grunn til å vise varsemd, seier han.

Samstundes oppmodar han bilistar som har vore uheldige og køyrd på dyr, anten det er elg eller anna, om å melde frå til politiet.

– Det er også viktig at dei melder frå om kvar uhellet skjedde, og det beste er om dei kan merke staden på ein eller annan måte, seier Gastjønn.

Gaastjønn seier at vêr og føre har mykje å seie for kvar elgen held seg.

– Dei er ikkje glade i den skareskorpa som er øvste laget på snøen no. Kjem det mykje snø trekker dei også gjerne til vegane. Truleg har dei trekt tidleg i år. Til vanleg blir det færre elg langs vegen når me skriv januar, men som sagt er det heilt avhengig av føret, fortel han.