Pilegrimar ved støtta til AA. O. Vinje, Gran på Hadeland.
Pilegrimar ved støtta til AA. O. Vinje, Gran på Hadeland.

Nidarosdomen/ Stiklestad 2017

Pilegrimar med buss frå Kviteseid til

Turen til Nidaros/Stiklestad med Kviteseid kyrkjelyd ved olsoktider i år, var planlagt av turleiar/prest Rune Lia, med god assistanse av organist Dagfinn Køhn. Over femti meldte seg på, dei fleste frå kyrkjelyden i Kviteseid. Vi få som kom utanfrå var heldige. Det som før har vore skepsis til lange bussturar, blei fort «gjort til skamme». Med diger turbuss frå LB-reiser og stø sjåfør, drog me 180 mil, frå Kviteseid til Gran på Hadeland, Dovre, Trondheim, Stiklestad, før kursen sørover gjekk gjennom Gauldalen, Røros, Femunden, Engerdal og heim igjen. Mange interessante og innhaldsrike stopp undervegs!

Første stopp: «Søsterkirkene på Gran» og Granavollen gjestgiveri.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Hele Granavollen er et unikt område i nasjonal sammenheng. Søsterkirkene og Steinhuset som er de eneste profane kirkebygg fra middelalderen på landsbygda i Norge, er noen av våre viktigste nasjonale verdier. Granavollen med omgivelser er et meget spesielt landskap».(Sitat frå Riksantikvaren)

Her går pilegrimsleden til Nidaros, og fleire kortare vandringar i området. «Minikoret» til reisefølget blei starta, og saman med tidebøn for ettermiddagen var pilegrimstradisjonen i gang. Godt å kjenne på at vi var mange samla, med ulike utgangspunkt for pilegrimstur, men med respekt og omtanke for kvarandre.

Gravstøtta til A. O. Vinje står framfor kyrkjene. Han blei gravlagt her i 1870, etter eige ønskje. Og minna, om Vinje si vandring i boka «Ferdaminne», dukka opp fleire stader på turen vår.

Vandring mot Eysteinkyrkja.
Vandring mot Eysteinkyrkja.
Skribenten ved Nidarosdomen.
Skribenten ved Nidarosdomen.
Ved Femunden.
Ved Femunden.
Olsok på Stiklestad.
Olsok på Stiklestad.

Neste stopp var ved Eina kyrkje, der vi møtte møtte kunstnaren Borgny Svalastog frå Lillehammer. Modig, og rett på i uttrykksmåten sin, både i kunsten og trua. Det blei eit spesielt møte for mange. Me som ikkje har vore der før fekk «hakeslepp» inne i kyrkja! Heile taket var dekorert, moderne utrykk og nesten uverkeleg med alle fargenyansane frå blått, turkis, grønt, rødt, gult, oransje. Kyrkjetenaren fortalte om alle kyrkjebenkene som måtte ut fire gonger! Alle felta i taket er måla på rispapir og lima fast, i firkanta felt.

Godt å «seile» vidare i bussen i tre timar til Dombås, sjå naturen oppover i Gudbrandsdalen og kommentere veret, for det var på vår side. Enkelte dagar regna det rundt omkring i landskapet, men når vi stoppa… datt regnet ned andre stader, og skyene fekk fart på seg. Uttrykket «Velsigna ver» passa svært godt!

Pilegrim på Dovre for ein dag

Grei overnatting på Dombås hotell. Med niste og turklede var me klare neste dag for å gå etappar tilpassa kvar enkelt, på Dovrefjell.

Første stopp var Fokstugu, den yngste av fjellstogene på Dovre. Her fekk me orientering om pilegrimstradisjonar, om at mange kjem innom kvar dag, på veg til Nidarosdomen. Mange har reist og gått langt, antalet aukar for kvart år. Her ligg også det vesle sælehuset, Gudshuset, der du kan gå inn og ha det stille saman med andre pilegrimar, og tenne lys. Her er ikkje krav til kva trussamfunn du høyrer til. Ingen veit sikkert kor lenge dette «Kvilehuset» har vore i bruk for trøtte pilegrimar, og mange har søkt ly her før fjellstogene blei bygde. Fordi mange døydde på fjellet i hardt ver, påla kongen bygging av både Fokstugu, Hjerkinn og Kongsvold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under krigen mot Sverige blei 23 hus på Fokstugu sett fyr på, av nordmennene i 1718, slik at ikkje General Armfeldt og svenskearmeen skulle dra nytte av fjellstogene. Også Hjerkinn, Kongsvoll og Drivstugu brann ned. Det paradoksale i historien er at Armfeldt ikkje kom hit, men for oppover Gauldalen, til Tydal. Dette er ein sterk del av norsk historie. Meir om dette seinare i artikkelen.

Fjellstogene blei bygde opp att, eldste huset på Fokstugu er frå 1729. Garden Fokstugu er i full drift, men sjølve «Hotellet» er i dag berekna på sjølvhushald.

Vandringane våre mellom Fokstua og Eysteinkyrkja ved Hjerkinn varierte i km frå om lag 11, 8 og 6 km. Nokre blei med bussen heilt fram.

Den kvite reinmosen, grøn vier, lyng og faste stigar gjorde dagen god. Me gjekk i smågrupper, blei kanskje litt meir kjende med medvandraren. «Sola skein, fuglane song ,bekkane brusa», vinden lett og sola passe varm på Dovrefjell dagen før Olsokeftan!

Me passerte «Vesle Hjerkinn», der tregolv og tømra veggar viser korleis sælehuset var i farne tider. Eystein Magnusson skal ha bygd dette for folk som for over fjellet. Her har vore busetjing frå vikingtida. Arkeolgiske funn frå pilegrimar, m.a. amulett, sølvmynt og pilespissar bevisar dette.

Informasjonstavler finn me fleire av på vandringa. Reglane for bruk av desse «kvilehusa» var klare, og Den Norske Turistforening har «herma». Du måtte ut dersom du hadde vore der lengst, og berre tre dagar om gongen.

Dei siste 2 km før målet er det stille meditasjon for kvar enkelt. Ein går i eige tempo. Eysteinkyrkja er synleg oppe i lia, til venstre for Hjerkinn fjellstue og er synleg lenge før du når fram. Godt å reflektere over vandringa inne i kyrkja, saman med koret vårt, og tidebøn for ettermiddagen. Her har vore mange før oss.

Siste etappe denne dagen blei nokre timar i bussen, forbi Kongsvold fjellstue.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kom Malene frå Folldal saman med A. O. Vinje i 1860 for å sjå kongefølget (Karl XV), på veg til kroninga i Trondheim.

Før det hadde han sett inn i Rondane og skrive: «No ser eg atter slike Fjøll og Dalar». Inspirasjon til fleire kjente songar kom:

På vakre og ville Vårstigen i Drivdalen, dikta han: «Her er so vent det kan meg grøta for det, um eg er vaksen Kar.»

Det var bare å ta inn naturen gjennom bussrutene. Oppdal, Støren, Melhus og Heimdal låg snart bak bak oss.

Nidaros eller Trondheim, med hotell eit steinkast frå Nidarosdomen, var målet den andre dagen. Eit kort møte med Domen denne varme julikvelden, og vi tok inn synet av det mektige byggverket. Telemark har sett «avtrykk» på Vestveggen. Bilethoggaren Knut Skinnarland skapte fleire av helgenfigurane på den monumentale veggen.

Utanfor gjorde NRK klar til opptak neste dag frå Olavsfestdagane. Me såg kontrastane mellom børs og katedral der marknadsboder var rigga til i utkanten av området … Litt trøtte for både quiz og høgtlesing den kvelden!

Stiklestad kyrkje med olsokmesse, og spelet om Heilag Olav den 29. juli

Stiklestad ligg om lag 8 mil frå Trondheim, i Verdal. Det er vanskeleg å finne ord for naturlandskapet utanfor bussen. Og jamen var ikkje også A.O Vinje begeistra for landskapet her i Innherred, og her kom inspirasjonen til:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Her ser eg fagre Fjord og Bygder som mange gamle Kjempor bar».

Fosen på andre sida Trondheimsfjorden, Tautra med nonnekloster, Steinvikholm der Olav Engelbregtson, den siste katolske biskopen, måtte søke ly før han rømde landet etter reformasjonen. Innerøya med «Den gyldne omvei». Frodig sommar i Trøndelag, og opp mot 24 pluss denne dagen.

Vi rakk ikkje å få med alt på Stiklestad. Her er museum, utstillingar, vikingmarknad, konsertar, omvisingar. Men Olsokmessa i kyrkja, prosesjon, høgtidleg med biskop Ragnhild Jebsen og «våre prestar», stort «Olavskor» og koret vårt, gjorde sterkt inntrykk på olsokeftan. Kaffepause ute i finveret saman med mykje folk på det store grøntområdet. Ei rask omvisning, før felles middag i hallen med fleire hundre andre.

Stiklestadspelet har blitt framført i over 60 år, med mange endringar undervegs.

«I Spelet om Heilag Olav møter vi et samfunn i sterk endring, synliggjort gjennom hverdagslivet på et stun. Vi blir vitne til at gårdslivet flettes sammen med storpolitikk, og at det mest sårbare enkeltmennesket av alle møter kongen. Etter at Olav Haraldsson har ridd inn på tunet, blir verden aldri den samme.» (sitat frå programmet for Olsokdagane 2017)

Hanne Tømta er regissør, og Trond Espen Seim spela hovudrolla som Olav den heilage. Eit mektig drama utspelar seg, med mange innvolverte, både profesjonelle og amatørar. Her var fokus på brytningstida politisk, om kongeherredømet, og ikkje minst kreftene i gamal overtru – Balderdyrking i møte med kristendommen.

Så er det ofte at enkeltskjebner blir hugsa lengst. Her i spelet, den vesle jenta som vart fødd funksjonshemma, og blei kasta i brønnen. Ho trer fram i mange scener, heil kvitkledd som «Utbyrda». Går igjen saman med andre barn med same skjebne. Dette skaper både redsle, og grense til galskap, blant dei som står ho nær. Her var sterke skodespelarprestasjonar av både barn og vaksne.

Sjølve slaget, der Olav Haraldson blir drepen, blir framført med effektar som er vanskeleg å beskrive. Dette må opplevast, og dei to timane med innblikk i Noregshistoria gjekk fort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake i Trondheim hadde me fullt program Olsokdagen. Høgmessa, der vi var i fullsett Nidarosdom, med kor på fleire stader i kyrkja, gav mange inntrykk. Her samlast mange pilegrimar av ulik nasjonalitet, både ute og inne. Litt tid til å rusle rundt, nokre var på omvisning i Erkebispegården.

Så for me bokstaveleg «rett til himmels», dvs. lunch i Tyholttårnet 62 m over bakken. Tårnet snurra sakte rundt, og med «knallver» i Trondheim såg me både land, by og fjord God mat og utsikt i hyggeleg lag.

Nok ein gong: «Velsigna ver!» frå mange.

Brå overgang til Brakka på Lerkendal med tidlegare fotballspelar Gøran Sørloth og «Godfot-teorien» hadde mange fotballinteresserte gledd seg til. Mange spørsmål til han, før vi tråkla oss gjennom kjempestore Scandic hotell, og ut på Lerkendal stadion med glødende engasjement frå Sørloth. Imponerande var den ekte grassmatta og storleiken på stadion.

Inntrykka var mange denne søndagen. Godt å bare synke ned i buss-setet, på veg ut av byen. Målet for dagen var Røros, men før det fekk me oppleve Gauldalen med fin lakseelv.

Pilegrimar ved støtta til AA. O. Vinje, Gran på Hadeland.(Alle foto: Private)Vandring mot Eysteinkyrkja.Skribenten ved Nidarosdomen.Ved Femunden.Olsok på Stiklestad.

Framføre bussen venta Haltdalen og Ålen. Her er tettpakka med sterk historie frå des/jan 1718. General Armfeldt trekte seg tilbake med hæren sin, etter meldinga om Karl 12 var fallen ved Fredriksten festning i Halden. Retretten over Tydalsfjella blei katastrofal for soldatane. Full storm i fjella, dårleg utstyrt og utsvelta, tragedien var ikkje til å unngå. Her er gravplass for over 3000 svenske soldatar, og mange døydde seinare av frostskader.

Dette er norsk historie som ikkje har vore nok fokus på i skolen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På veg oppover Ålen for me forbi stader som forfattaren Johan Falkberget har «udødlegjort» i romansyklusen «Nattens brød» – eller bøkene om An-Magritt, oksekjørersken frå Ålen. Ho køyrer malm frå gruvene fire mil oppe på fjellet til Tamlaget smeltehytte i Ålen, eller Cornelias smeltehytte i romanen.

Johan Falkberget (1879-1967) var frå Rugeldalen, om lag 2 mil nord for Røros. Han var svært produktiv i skrivinga si, men er nok mest kjent for «Bør Børson», «Den fjerde nattevakt», «Christianus Sextus» og «Nattens brød». Mange av desse er dramatisert, både til film, teater, opera og musikkspel. Vi passerte både fødestaden Falkberget og heimen på Ratvolden, på andre sida av Rugelsjøen. Ein del bjørkeskog ved vegen hindrar fri utsikt til denne unike delen av dalen.

Opp til venstre såg me fjella, der Nordgruvene ligg. Minne om 333 års gruvedrift som stoppa i 1967 er synleg i områda rundt Røros. Falkberget skildrar mange menneskeskjebner i dette bergmannsmiljøet. Han var også sterkt samfunnsengasjert, mellom anna for Rørosbanen og kampen for å oppretthalde gruvedrifta. Mange i bussen sette pris på guidinga her.

Røros fekk kort besøk av oss, men me sov i god fjellluft og var innom Bergstadens Zir neste morgon for tidebøn, og kort orientering frå lokal omvisar.

Tidebønene hadde me kvar dag. Ikkje noko meir mystisk enn korte tekster tilpassa ulike tider på døgnet saman med korsang og fellessang. Her fekk me det som blir ei personleg oppleving, tid til ro og refleksjonar. Dette er ein del av pilegrimstradisjonen, enten du går eller køyrer buss. «Vegen blir til medan du går».

Stoppet på Røros blei kort, men nokon rakk ein tur på Slagghaugane, eller innom gravstaden til Johan Falberget og familien.

M/S Femund gjekk klokka 11 frå Jonasvollen, og me kunne nyte utsikta til ein del av Femundsmarka frå båten. Mange med fiskestong og tunge sekkar kom om bord.

På Elgå var siste overnatting på Femund turisthytte. I programmet var besøk inne i Femundsmarka hjå ein sørsamisk familie. Her fekk me innblikk i kor vanskeleg det er å drive med reinsdyr i Engerdal og og omegn. Om lag 40% av reinsdyrkalvane blir tekne av rovdyr, både kongeørn, ulv, jerv og bjørn. Kongeørna er den som toppar denne triste statistikken. Kona sa det var vondt å snakke om, mannen sa han var nær ved å gje opp heile drifta. Men det var seks familiar som dreiv med rein, om lag 3000 dyr.

Her i ei fin solhelling hadde dei bygd opp att buplassen til ein «samepolitisk organisasjonsbyggar»; Daniel Mortenson (1860-1924). Ny, stor gamme og eldhus med informasjonstavler og bilde. Mange prøva lassokasting her.

Neste dag starta med tidebøn i Elgå kyrkje, siste framføring av koret. Nedover dalen var turleiinga forsterka med presten i Engerdal og Gjermund Eggen. Her måtte sjåføren passe på. Reinsdyra kryssa vegen på mange stader. Enkeltvis, eller i små flokkar. Eggen fortalte også om rovdyrproblematikken knytta opp mot sauenæringa. Me var i «Senterparti/Vedum land».

I Engerdal stod invitasjonane i kø, først til lunch i nyrestaurert Engerdal prestegard; meny: koka sik, flatbrød og rømmegraut! Gjett om «prestekonene» i fellesskap hadde stått på med matlaging og bordekking til alle! Snakk om gjestfrihet,-som toppa seg med kaffe/kakeinvitasjon heim til Eggen og kona.. På kommunehuset var heile premiesamlinga hans utstilt, med minne om 3xgull i VM i 1966. Ein beskjeden, tidlegare toppidrettsmann som framheva kameratskapet og lagånda som det viktigaste. Det blei mange klemmar for alle før vi drog frå det humørfylte ekteparet Eggen!

Mange av oss tenkte at jamen kan turen frå Engerdal til Kviteseid bli dryg, men det gjekk over all forventning. Og Rune heldt eit engasjert innlegg om kampane ved Elverum og Nybergsund i 1940.

Me fekk så utruleg innhaldsrik og fin tur! Takk til turleiarar for smil og latter, alvor og humor i fin blanding, eit program som var gjennomarbeida og profesjonelt lagt opp. Og alle medreisande, me har verkeleg opplevd mykje på 6 dagar i overgangen juli/august 2017.

Gunhild J. Heggtveit