Den superraske elbilen veg bare 175 kilo og har dryge hundre hestekrefter. No ventar tevlingar på racerbane for Andreas Leirvik.
Den superraske elbilen veg bare 175 kilo og har dryge hundre hestekrefter. No ventar tevlingar på racerbane for Andreas Leirvik.

Nissedøl bygde el-racerbil

Andreas Leirvik frå Treungen har vore med og laga elbil som skyt styggfort fart eigna bare for racerbane. Snart ventar tevlingar i utlandet.

50 elevar i Revolve NTNU (Norges teknisk-naturvitenskaplege universitet) i Trondheim har siste året jobba dag og natt for å designe og byggje sin eigen elektriske racerbil. Ein av elevane er Andreas Leirvik frå Treungen.

– Me byrja på bilen i august og har jobba med han jamleg fram til no. Det har vore kjempegøy, vanvittig lærerikt og eg har blitt kjent med mange bra folk. Det er bygt nettverk og me har lært å jobbe saman med andre, seier Leirvik. Sluttresultatet av prosjektet har fått namnet Vilje. Nyleg blei elbilen avduka på eit arrangement som Leirvik hadde hovudansvaret for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var kult, og eg fekk prøve meg som konferansier, seier Leirvik.

Høgdepunkt ventar

Sjølv om elbilen er ferdig i si form, er han ikkje fullt ut køyrbar enno. Testing skal skje i sommar, og ein vil optimalisere fartsdoningen som skal gå frå 0 til 100 kilometer i timen i løpet av bare 2,8 sekundar.

– Me har ikkje ambisjonar om å ha skilt på elbilen og ha han på vegen. Han er laga for banekøyring, og for å ha så stor akselerasjon som mogleg, seier Leirvik.

– Og det har han?

– Ja, han går ganske fort, svarar studenten.

I juli blir han med og konkurrerer med elbilen på legendariske Silverstone i England. 30 av dei 110 køyretøya frå ulike land som stiller til start er elbilar. Månaden etter er det tevling i Austerrike.

– Konkurransane blir høgdepunkt framover, fantastisk. Dette har me gleda oss til heile året, og å sjå bilen i aksjon. Det er lett å motivere seg til eksamenlesing når ein veit konkurransane kjem etterpå, seier Leirvik.

Det er lett å motivere seg til eksamenlesing når ein veit konkurransane kjem etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andreas Leirvik