Telefiber håpar å få kopla på dei fyrste kundane i prosjektet Haukeli/ Edland før jol.
Telefiber håpar å få kopla på dei fyrste kundane i prosjektet Haukeli/ Edland før jol.

No får fleire vesttelar fiberbreiband

For nokre veker sidan fekk dei fyrste fiberkundane i Vrådal sentrum kopla seg til Altibox. Vidare på lista står store delar av Vest-Telemark som i dag er utan fiberbreiband.

Einar Valhovd i Telefiber har mykje å halde styr på om dagen. I Vrådal sentrum er 45 fastbuande no kopla til omverda gjennom raskt fibernett. Mange hytter ved skisenteret er også i ferd med å få fiber i veggen. 55 hytter ved Stemtjønn på Kyrkjebygdheia i Nissedal, og fastbuande i Haukeli og Edland står også for tur.

– Me håpar å få kopla på dei fyrste av dei 76 kundane der før nyttår, seier Valhovd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innan sommaren 2017 håpar dei å ha kopla på kundar i Flatdal, og i løpet av neste år står også Morgedal for tur.

Koplar opp utkantar i Vinje

Dessutan har Telefiber fått anbodet som Vinje kommune og Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) lyste ut for å sikre at dei som bur meir grisgrendt til i Vinje kommune også får god internett-tilgang.

Einar Valhovd.
Einar Valhovd.

På nyåret startar planlegginga av dette prosjektet, og då blir rekkefylgja bestemt. Dei stadene som er med i prosjektet er fylgjande:

Våmartveit, Tveito, Grungedal, Hylland, Hommo, Mannås, Nesland, Berdal, Ligrend, Kostveit, Tjønnegrend, Juvbakk og Tirilltoppen.

Sal i Høydalsmo

I løpet av neste år skal det også vera ei interesseundersøking for fiber i HøydalsHøydalsmo, fortel Valhovd.

– Fiber er framtida, heilt klart, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kapasiteten som er det viktige. Og det er nesten uavgrensa fart på eit slikt nett. Trådlause nett kan ikkje konkurrere med det, legg han til.

Med fibernett kan ein både ha breiband, fjernsyn og telefon på same line, og alle får si eiga line som ikkje blir påverka av nettbruken til andre.

Telefiber AS er eit selskap oppretta i samband med satsing på breibandtenester i Vest-Telemark regionen. Selskapet er ei vidareføring av breibandssatsinga til Rauland Kraftforsyningslag og Vest-Telemark Kraftlag, og desse eig 40 prosent kvar. Hjartdal Elverk eig 10 prosent og Vest-Telemark næringsbygg (VTN) eig 10 prosent.

«Stole på kommunestyrevedtak i Seljord?» Ytringar på side 32.