No kjem takstmennene
Måndag byrjar jobben med å taksere alle hus, hytter og næringsbygg i Nissedal for å rekne ut eigedomsskatten.
I Nissedal er det vedteke at ein frå neste år innfører eigedomsskatt på rundt 700 hus, 2 000 hytter og alle næringsbygg i kommunen.
Denne veka har sju personar vore på kurs for å lære å taksere eigedomane over heile kommunen. Med laser som arbeidsverktøy for å finne talet på kvadratmeter, tek dei måndag fatt på jobben ved alle bustadhus, garasjar, våningshus på landbrukseigedomar, hytter og fritidsbustader, næringsbygg, andre bygningar og ubygde tomter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange vil med
– Takstmennene skal ikkje lage tilstandsrapport på bygga, og skal heller ikkje inn i dei. Bygga får veldig enkel takst, og om det er ein vanleg bygning brukar dei ikkje mange minuttar på han, seier økonomisjef Jarle Bruun Olsen i Nissedal kommune.
Synfaringa skal gje svar på kva år bygget blei sett opp. Om bygningen har hatt dårleg vedlikehald ligg det an til å bli nokre prosent fråtrekk i summen, og det motsette om han er oppgradert. Om bygget ikkje har innlagt straum, er det fråtrekk på nokre prosent.
Så mange som 110 eigarar av ulike bygg i kommunen har varsla at dei ynskjer å vere med under takseringa. Og det får dei lov til.
– Kor viktig det er at dei er med …, seier økonomisjefen om den saka, for takstfolket har sine reglar å halde seg til.
Marknadsverdi
Etter at takstfolka har innhenta faktagrunnlag går informasjonen vidare til ei politisk vald sakkunnig nemnd der Oskar Nordli er leiar, Kjetil Hølje Fjalestad nestleiar og Inger Stokstad medlem. Nemnda har ansvar for takseringsarbeidet, og fastset skattegrunnlaget på eigedomane. Som hjelpemiddel vil nemnda ha «Rammer og retningslinjer for taksering, jamført lov om eigedomsskatt».
Vidare er det sett ned ei sakkunnig klagenemnd for eigedomsskattesaker, med Astrid Eidem Nordal som leiar.
– Det vil vere skjønnsvurderingar på bygga, så det kan skje feil. Ein må vel nesten rekne med eit visst innslag av klager, seier Olsen.
Taksten på eigedomen skal svare til det ein meiner er marknadsverdi, slik det står i Eigedomsskattelova: «Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.»
Artikkelen held fram under annonsen.