No var det Skognes sin tur
Frå i år får keramikar John Skognes (62) på Fjone kunstnarstipend fram til han blir pensjonist. Og no får nissedølen yrkesselskap av ein svensk teiknar og skulptør.
John Skognes har vore keramikar sidan 1980, og dei 25 siste åra har han utøvd kunstnaryrket på Fjone.
Tidlegare var det slik at alle norske kunstnarar var i forhandlingsposisjon med staten om å kome inn i ordninga med garantiinntekt, som blei innført på 1970-talet. Ordninga blei fasa ut for få år sidan, og i staden blei det oppretta ei lengre stipendordning.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eitt av stipenda varer til pensjonsalderen, og det har eg fått no. Tidlegare har eg bare hatt nokre småstipend, seier Skognes.
Den nye ordninga er slik at nokon må gå av med pensjon for at nye skal sleppe til og få kunstnarstipend. I år var det bare tre kunsthandverkarar i heile Noreg som blei pensjonistar og gjekk ut av ordninga frå staten.
– Eg var heldig, og fekk eitt av dei tre. No satsar eg på at dei skal heve pensjonsalderen, he, he, seier Skognes.
Hadde trua
Kunstnarstipendet er på 235 000 kroner i året.
– Må du levere noko for løna?
– Eg må fortsetje med det eg gjer, og lage rapport ein gong i året. Eg kan ikkje stikke til Thailand, men staten forlangar ikkje varer av meg, svarar Skognes.
Han har søkt om stipend av liknande storleik før, men har bare fått avslag.
– Eg hadde trua på at eg skulle kome gjennom nålaugo i år. Då eg fekk stipend, blei eg sjølvsagt glad, seier nissedalkunstnaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei siste åra har han vore fleire gonger i Korea, og sist gjekk turen til Pakistan. Skognes meiner slike ting tel for å bli valt ut til å få stipend. Vidare er arbeid frå han kjøpt inn av kunstindustrimusea i Oslo, Bergen og Trondheim.
– Det er med og viser at det er kvalitet i det ein gjer. Eg synest eg eigentleg fortente stipendet, humrar Skognes lett.
For han er det mykje pengar, den løna som no kjem årleg frå staten.
– Det er kjekt å få pengar og ei godkjenning, at Noreg set pris på det eg lagar og innsatsen eg har lagt ned, seier Skognes.
Fin kunstplass
Svenske Märit Runsten er i ferd med å flytte frå Stockholm til Fjone. Ho gjekk ut av kunsthøgskulen i 2007, og driv med teikningar og skulpturar.
– Det blir veldig bra å ha ein arbeidskamerat, seier Skognes.
Dei to møttes for tre–fire år sidan på ei utstilling båe var med på i Arendal.
– Eg blei veldig gripen av kunsten John hadde på utstillinga, seier Runsten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterpå har dei hatt kontakt.
– Eg bestemte meg for å flytte til Fjone for å jobbe med kunst her på heiltid, seier Runsten.
– Det er så vakkert på Fjone, og ein veldig fin plass å utøve kunst. Hovudsakleg har eg kontaktnettet mitt med kjøparar i Sverige, og vil byggje opp eit i Noreg også, held ho fram.
– Märit er litt meir berømt enn meg. Sjølv om me jobbar med forskjellige uttrykk, trur eg me jobbar med det same i kunsten, seier Skognes.