Norsk fotballglede på engelsk
Pinsehelga var om lag 65 barn og ungdom samla på kunstgraset i Åmot for å spele og lære meir om fotball av engelske trenarar.
Prosjekt Vest-Telemark med fotballgruppa i Vinje i spissen inviterte i pinsehelga til Vinje fotballskule for fjerde gong.
Barn og unge frå alle delar av Vest-Telemark møtte fram, i tillegg til nokre deltakarar frå Ullvik og Skeidar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiar i fotballgruppa i Vinje, Marianne Tveito Damberg, fortel at dei hadde høve til å ta i mot hundre spelarar til årets fotballskule, men at pinsehelga truleg passa dårleg for fleire.
– Det er mellom anna mange konfirmasjonar denne helga, så neste år må me nok leggje fotballskulen til ei anna helg, seier Damberg.
Fredag kveld var dei yngste fotballspelarane samla til øving saman med dei profesjonelle trenerane frå Colchester-akademiet; Anthony Ashby, Lewis Spencer, Fabian Ambrose, Danny Shaun King, Stephen Derek Southgate og Michael Cornall.
Laurdag og sundag var 11–16-åringane på kunstgrasmatta for å terpe på teknikk, lagspel og spele kamp. To lærerike og morosame dagar, meinte ungdommane – og dei engelske trenarane rosa spelarane for svært god innsats på årets fotballskule.