Geir K. Hus er aktuell med ny bok om Haukelivegen.
Geir K. Hus er aktuell med ny bok om Haukelivegen.

Ny bok om Haukelivegen

Geir K. Hus lanserer i desse dagar boka «E134 Haukelivegen: Mat, natur og kultur mellom øst og vest». Han tek lesarane med på ei reise mellom aust og vest, og prøvar å inspirere til stopp undervegs. Tradisjonsrik mat, naturopplevingar og kulturperler blir vist fram gjennom store bilde og ein del tekstar. Frå Vest-Telemark har «den vakraste utsikten» – i Flatdal – fått plass. I Seljord kommune har forfattaren også tatt turen innom Nutheim gjestgiveri, Dyrskuplassen og Nordigard Bjørge. I Morgedal har flatbrødbakarane på Skreppa og skieventyret fått plass. Vidare er det vigd plass til både Aasmund Olavsson Vinje og Mjonøy, før ein er halvvegs til Haugesund – forbi Furuneset ved Grungevatn i Grungedal. Det blir stopp innom Haukeliseter fjellstue, og Hus har mellom anna også besøkt brøytegutane på Haukelifjell.

Den nye boka fortel også historia om Haukelivegen, som har knytt folk frå Vestlandet og Austlandet saman gjennom alle tider. Historia går tilbake til folkevandringstida på 400-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då gjekk folk langs strie elver, gjennom stupbratte daler og over Haukelifjell, skildrar forfattaren.

Den fyrste vegen var ferdig i 1889, medan heilårsvegen blei tatt i bruk for 50 år sidan. I boka er det gamle bilde frå tida folk bruka hest og kjerre, men også bilde frå anleggstida på 1960-talet. Mest handlar boka om kva ein kan oppleve langs vegen i dag.

– Boka er ein hyllest til dei som har kjempa fram gode vegar gjennom tidene, men mesteparten av boka har eg bruka til å vise fram spennande folk og stader som ein bør få med seg når ein køyrer mellom Drammen og Haugesund/Karmøy i dag, seier Geir K. Hus.

Folk og stader i aust er omtala på bokmål, men frå Heddal og vestover er språkdrakta nynorsk. Boka er gjeve ut på eige forlag og er tilgjengeleg hos bokhandlarar og ein del møteplassar langs vegen.