Maya Sommerfelt (9, t.v.), Carl Willem Støren (7), Tuva Traet-Akkermann (7), Jesper Hvalsmarken Nordskog (8), Lina Traet-Akkermann (8) og Mikkel Hvalsmarken Nordskog (8) utgjorde startheatet på eit historisk friidrettsarrangement i Seljord laurdag.
Maya Sommerfelt (9, t.v.), Carl Willem Støren (7), Tuva Traet-Akkermann (7), Jesper Hvalsmarken Nordskog (8), Lina Traet-Akkermann (8) og Mikkel Hvalsmarken Nordskog (8) utgjorde startheatet på eit historisk friidrettsarrangement i Seljord laurdag.

Ny fart på friidretten

Det kom så mange unge løparar at det ikkje var nok medaljar då startskotet gjekk laurdag for at det igjen var friidrettsstemne i Seljord. Sist gong var på 1980-talet.

I Seljord stod det nye friidrettsanlegget ferdig i fjor haust, og det kom på plass ny tribune. Laurdag kunne friidrettsgruppa i bygdas idrettslag ynske små og stor velkomne til det fyrste løpsarrangementet på mange år.

– Sidan dette er det fyrste stemnet på den nye banen, er det litt historisk, seier Inge Nilsen, leiar i friidrettsgruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fekk ei gledeleg overrasking før løpa starta for dei frå 7 år og oppover til vaksen alder.

– Plutseleg kom det bil etter bil. Det kom fleire i barneklassene enn venta, seier Nilsen.

Totalt kom det 35 jenter og gutar opp til og med 11 år gamle. Det var fleire enn talet på medaljar som ein hadde på plass, men dette blir løyst ved å ettersende premiar.

Suveren

Totalt kom det 56 løparar på det fyrste offisielle stemnet på den nye banen, eit arrangement som også var nummer 3 av 4 i Vest-Telemarkkarusellen i år.

Dei 19 barna som starta på 400 meteren i klassa 7–9 år blei delt inn i 3 heat.

– Skal me starte med eller utan pistol, blir heatet spurd om av arrangøren som lurar på om nokon er redde eit smell. Det blir eit ja frå barna, og like etter går startskotet, som var såpass høgt at neste heata ville la den opplevinga ligge …

17 gutar og jenter blei fordelt på to heat på 600-meteren i klassa 10–11 år.

4 jenter og 6 gutar frå 12–16 år gjennomførte 3000-meteren. Skitalentet Ingerid Vadder var best i si klasse med tida 11.37.4, fire tidelar før Signe Vinjerui.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var tungt, men moro og god trening før skisesongen startar, seier 14-åringen Vadder, som går for Morgedal IL og har fyrste rennet i slutten av november.

På heimebane var Brynjar Hegglund Grave suveren blant gutane. Sluttida blei 10.10.3.

– Eg hadde håpa på under 10 minuttar. Beina var litt tunge, men det gjekk greitt og eg er forholdsvis fornøgd, seier 16-åringen som satsar mest på ski.

Passar på banerekordar

Hanne Sommerfelt frå Seljord stilte aleine i kvinneklassa på 5000-meteren, og blei klokka inn på 26.38.2.

Av dei ti mennene som sprang distansen var Tor Alfred Bredesen (Snøgg) best med tida 17.43.2.

– Me har registrert banerekordane på både 3000 og 5000, seier Nilsen etter arrangementet som han er veldig fornøgd med.

– Det var god stemning, folk kom som tilskodarar og kiosken gjekk bra. Det blir fleire stemne her, seier Nilsen.