Anne Birgit Sollid (i midten) ynskjer prosjektleiar Halvor Midtbø og jordbrukssjef Torunn Raftevold Rue velkomen på låvebrua på Skare gard i Morgedal. Den gamle låven er bygt om til møte- og selskapslokale.
Anne Birgit Sollid (i midten) ynskjer prosjektleiar Halvor Midtbø og jordbrukssjef Torunn Raftevold Rue velkomen på låvebrua på Skare gard i Morgedal. Den gamle låven er bygt om til møte- og selskapslokale.

Ny næring under gamalt låvetak

Anne Birgit Sollid har etablert kurs- og selskapslokale i den gamle låven på Skare gard i Morgedal. No får eigarar av låvar i Vest-Telemark tilbod om kurs for å skape ny næring i dei gamle bygningane.

Prosjektleiar Halvor Midtbø ved Midt-Telemark landbrukskontor seier at målsettinga med prosjektet er å få til ny næring i ledige låvebygningar og sikre låven sin eksistens og plass i kulturlandskapet.

– Låvebygget har på mange gardar mista funksjonen sin i høve til opphavleg bruk. Men bygningane representerer òg eit kulturlandskapselement det er viktig å ta vare på, seier Halvor Midtbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

I perioden 2008–2010 gjennomførte Midt-Telemark landbrukskontor prosjektet «Den raude låven» i Bø, Sauherad, Nome og Notodden. No vert prosjektet vidareført til å omfatte heile Telemark under namnet «Ny næring under gamle tak».

Ein er no på leiting etter 10 gardbrukarar eller låveeigarar i Telemark som gjennom fire samlingar dei komande to månadane vil verte skolerte til å finne ut om dei kan få til ny verksemd på garden ved å utnytte låvar som i dag stort sett berre vert nytta til lager.

– Me vil fokusere på utfordringar ein låveeigar møter dersom ein vil nytte låven til ny aktivitet på garden, fortel Halvor Midtbø.

I Telemark er Fylkesmannen og fylkeskommunen medspelarar i prosjektet og viktige finansieringskjelder for låveprosjektet. Dessutan er kommunane bedne om aktiv deltaking ved å finne deltakarar og bruke SMIL-midlar som økonomisk bidrag.

– Skal den gamle låven framleis vere eit element i kulturlandskapet, må det ny aktivitet til. Viss ikkje kan mange låvar stå i fare for å verte rivne, dersom dei ikkje berre ramlar ned, påpeiker Halvor Midtbø.

Fire kurssamlingar

Kurset har fire samlingar. Fyrste samling konsentrerer seg om korleis forretningsideen kan verte presentert og formulert. Neste samling, som er lagt til Lien fjellgard i Svartdal, har økonomi og finansiering som tema. Tekniske løysingar, teknisk rettleiing og plan- og bygningsloven er programmet for den tredje samlinga, og avslutingssamlinga handlar om å ferdigstille forretningsplanen og presentasjon av dei einskilde prosjekta.

Tidlegare nestleiar i Norges Bondelag, Hans Husby frå Sandefjord, er henta inn som prosessleiar. Han vil vere med på dei fire samlingane. I tillegg kjem føredragshaldarar frå kommunal og statleg forvalting og private aktørar.

Satsa i Morgedal

På Skare gard i Morgedal slutta dei med sauehald i 1983. Anne Birgit Sollid fortel at etter den tid vart det samla mykje rot. Ho og mannen bestemte seg i 2003 for å plukke den gamle tømmerlåven heilt ned. Mange eldre i bygda lurte då låven vart borte. Dei meinte kulturlandskapet endra seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 1. mars i 2008 hadde eg det fyrste selskapet i den gjenoppbygde låven. I hovudetasjen med inngang frå låvebrua er det møtelokale og salongar, i underetasjen der det tidlegare var mellom anna hønsehus er det grupperom med nydeleg utsikt over Morgedals-bygda gjennom dei store vindaugo. I tillegg er det moderne toalett og kjøken godkjent av Mattilsynet. Og utanfor låveveggen står badestampen alltid oppvarma. Låven vert varma opp med vassboren varme frå flisfyringsanlegget på garden.

Ungar og dyr

Anne Birgit Sollid seier at ideen om å skape næring i den restaurerte låven kom i samband med at ho deltok i kurset «Bygdekompasset» som vart arrangert i Vest-Telemark. Sollid er utdanna førskulelærar, og har hatt opplegg for skuleelevar frå Brunkeberg under «Inn på tunet»-paraplyen. Desse arrangementa har vore populære blant ungane med eit praktisk opplegg og kontakt med kjøttfea på garden. Dei har 20 mordyr av Aberdeen-Angus-rasen.

– Eg har ikkje drive nokon stor og aktiv marknadsføring av tilbodet i den ombygde låven. Kviteseid kommune og barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark har vore flinke til å nytte tilbodet mitt. Dei tekniske fasilitetane som trengst i møtesamanheng er på plass. Elles har eg hatt både barnedåp- og konfirmasjonsselskap, seier Sollid.

Variert tilbod

– Kva er kapasiteten?

– Her er møterom som fungerer godt med 20 deltakarar rundt bordet, men eg kan dekke til selskap med 50 gjester. Serveringa kan vere heimelaga bakst, varmerettar med oksekjøt frå eigne dyr som me får slakta og partert hjå Fatland i Ølen før dei sender det i retur i frosen tilstand. Sjølvsagt har eg brau frå Skreppa i Morgedal på bordet. Eg har også hatt koldtbord i nokre av selskapa. Til somme arrangement har eg fått ambulerande skjenkeløyve av kommunen, nemner ho.

Anne Birgit solid er optimist og har tru på framtida. Ho seier at dersom auke talet på selskap i år aukar med 5–10 i høve til i fjor kan det verte ei god inntektskjelde.

– No får eg hjelp av mor mi og ei syster ved litt større arrangement. Spørsmålet er jo om eg skal halde drifta på eit behageleg nivå eller satse på tilsette. Det skjer mykje spennande i bygda innan turisme og opplevingar, og me utfyller kvarandre med ulike tilbod gjennom eit godt samarbeid, seier Anne Birgit Sollid.