John Erik Robertsen.
John Erik Robertsen.

Ny rektor på vidaregåande

John Erik Robertsen er tilsett som ny rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule.

Robertsen er i dag studierektor ved Sandefjord videregående skole, og har tidlegare vore rektor ved den vidaregåande skulen i Bardufoss. Han har fagbrev som maskinarbeidar, lærarutdanning innan mekaniske fag, og har lang erfaring frå skuleverket.

Robertsen gler seg til å byrje i jobben, og håper han i samarbeid med dei tilsette vil kunne utvikle skulen vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For meg blir det viktig å jobbe for at Vest-Telemark skal ha best mogleg skuletilbod til ungdomane i regionen. Det blir også viktig å oppretthalde læringstrykket for at skulen framleis skal ha dei gode resultata elevene oppnår, seier Robertsen i ei pressemelding.

Fylkesopplæringssjef Helge Kristian Galdal er veldig glad for tilsetjinga, og meiner Vest-Telemark vidaregåande skule nå får ein ny rektor med høg fagleg kompetanse, og mykje god erfaring.

– John Erik Robertsen er ein solid skuleleiar, med lang erfaring, både som rektor og studierektor. Eg er svært sikker på at Vest-Telemark vidaregåande nå er i trygge hender, og at Robertsen vil leie skulen godt vidare, seier Galdal.

Robertsen tek over etter Tove Palmork Haavelmoen som sluttar etter dette skuleåret. 

Vest-Telemark vidaregåande skule omfattar skulen på Dalen og avdelinga i Seljord.