Ny runde for «den nye bydelen»
Planutvalet i Seljord var samde om at ein må sjå på utviklinga av Vekan på nytt. – Planen gjev meg litt hovudbry, seier kommunalsjef Frid Berge.
Det har kome mange innspel til planane om utbygging av sentrumsområdet Vekan i Seljord. Onsdag fekk politikarane i planutvalet høyre om innspela som «sprikar» i fleire retningar i fylgje kommunalsjef Frid Berge.
Planutvalet i Seljord blei orientert om innkomne merknadar for detaljregulering av Vekan, S6, onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fleire av grunneigarane er ikkje einige i plangrepa og har merknadar på at eigne innspel i planperioden ikkje er tatt omsyn til, skriv Berge, kommunalsjef for plan, utvikling og tekniske tenester, i saksutgreiinga.
– Eg må innrømme at planen gjev meg litt hovudbry. Eg må tenke på kva som er bra for Seljord i eit langsiktig perspektiv. Og det har vist seg at planen ikkje er særleg gjennomtenkt når forslagsstillar kjem med mange nye innspel til eigen plan. Innspela som har kome gjer oss inga klar føring for å kunne vedta planen slik han ligg, uttala Berge.
Ut på ny
Leiar i plan- miljø og teknisk utval Edvard Mæland (H) sa at kommunens ynskje om å få ein reguleringsplan til beste for alle ikkje ligg klar.
– Eg føler det er ei felles interesse om å få trafikken på E134 til å stoppe i Seljord, og bli her veldig lenge. Men det er naudsynt å stoppe opp og samle alle partar på ny, og Seljord kommune må ha handa godt på rattet i det vidare arbeidet. Det er vel sannsynleg at denne planen må ut på ny høyring, undra Mæland.
– Ja, svara Berge.
Ynskjer omstokk
Dagleg leiar i Søndergaard Rickfelt AS, Gunnhild Garberg, la fram nokre tankar om innspela ho har kome med til reguleringssaka. Ho representerar utbyggjarane som ynskjer å etablere Kiwi på Vekan.
– Vekan er eit veldig viktig område og ein ny fase for Seljord, og eg meiner det er viktig å ha ein heilskapleg tanke for heile området. Ein kan ikkje bare tenke på den tomta ein sjølv arbeider med, uttala Garberg.
Ho sa at dei ikkje ynskte så store asfalterte flater, men heller ein straum av grøne lommer heilt ned til E134, for å skape eit miljø med trivsel knytt til bustadetablering.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ynskjer ikkje å leggje baksida mot E134, men lage området inviterande og få folk til å stoppe og køyre inn til Seljord, sa ho.
Garberg ynskte å blande alle korta på nytt og finne nye gode løysingar som ville spegle ei felles utvikling av området.
– Me må få til eit samarbeid. Vårt håp er å ta ein time-out, og gå gjennom alt på nytt for å lande på eit prosjekt som vil gagne alle, uttala sivilarkitekten.
Vil ha trafikken inn
Roar Johansen representerer Seljord Eiendom og Steinsrudvegen Eigedom som har planar om eit handelstun på Vekan.
– Det som er den store saka for min del, er tilkomst, uttala Johansen.
Han peika på at dei arbeider for at trafikken på E134 skal stoppe og køyre inn til Seljord og Steinsrudvegen.
– Me vil ikkje at Seljord skal bli bare Shell og Kiwi, før folk køyrer vidare til hytta på Haukeli eller på Rauland. Då er meirhandelen i Seljord køyrd, meiner me. Me håpar at ein har samla 12–15 butikkar i løpet av to–tre år. Me ynskjer ikkje noko negativt for Kiwi, me ynskjer dei velkomen og vil gjerne samarbeide med Noregsgruppa så godt me kan. Men det med tilkomst synest me er ei skummel sak for handelen i Seljord, uttala Johansen.
Han trur at det vil bety mykje om ein får invitert folk inn til Steinsrudvegen og dei verksemdene som er og vil bli etablert der, og meiner at då vil folk sjå at Telesenteret, Rema 1000 og Brøløs er neste.
Artikkelen held fram under annonsen.
Johansen meinte også ein kunne snakke med Kiwi for å betre tilkomsten frå Steinsrudvegen og opne tunet meir opp mot nabotomta der dei skal etablere seg.
Felles parkering
Ordførar Jon Svartdal fylgde også orienteringsaka om Vekanplanen onsdag, og peika mellom anna på at han lika idéen om å få til felles parkeringsplass for dei ulike utbyggjarane.
– Men eg ser at striden i hovudsak står om det skal vere ein eller to innkøyringar til området, uttala Svartdal.