Nye avgifter gjer småskalaprodusentane frustrerte
Fyrst ausar staten ut millionar på Verdiskapingsprogrammet i landbruket. Så er dei i ferd med å innføre avgifter til Mattilsynet som kan kvele oss produsentane. Det gjer oss veldig frustrerte, seier Inger Marie Bakås i Skreppa AS i Morgedal.
Dette er vanskeleg å forstå. Fyrst blir det ausa ut millionar av kroner på Verdiskapingsprogrammet for landbruket. Sidan blir det innført gebyr som kan setje ein stoppar for heile satsinga. Det er vanskeleg nok å tene pengar på produksjonen for oss som alt er i gang. Alle produsentar eg snakkar med strevar med å lønsemd i næringa, seier Bakås.
Meirkostnad som skapar mismot
Skreppa AS, som i tillegg til kafédrift også produserer brau, kling og brød for sal, er med i prosjektet VPS-mat i Telemark. Det er Fylkesmannen og Statens Distrikts- og næringsutviklingsfond som står bak prosjektet, som omfattar 14 veletablerte småskalamat-produsentar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiar for prosjektet, Ellen Dagsrud, har ikkje fullt oversyn over Mattilsynets avgifter for matprodusentane, men seier alt tyder på at det blir ein meirkostnad.
Dette skapar mismot og frustrasjon blant medlemene. Dei har stadig nye produkt under utvikling, men dersom alt skal koste kan det skremme dei næringsdrivande frå produktutvikling. Meirkostnaden som avgiftene til Mattilsynet representerer, vil truleg også verke avskrekkande for dei som er i gang med nyetablering, fryktar ho.
Talar med to tunger
Dagsrud meiner Mattilsynet har vanskar med å skape forståing hjå brukarane for dei nye avgiftene.
Dersom det låg ei teneste i det, til dømes konsulenthjelp, kunne prisane forsvarast betre. Men slik det ser ut er det berre ei avgift. Slik talar styresmaktene med to tunger; på den eine sida oppmodar landbruksministeren om å sate på småskalamat, så blir produsentane pålagt avgifter som kostar flesk, uttalar prosjektleiaren.
Skal betale timeprisen
For å få klarlagt kva brukarane av Mattilsynet må betale av avgifter kontakta VTB distriktssjef Gunleif Oland ved Mattilsynets distriktskontor i Seljord. Han fortel at han ikkje har lov til å uttale seg om gebyra, og viser til sine overordna. Men han opplyser likevel at brukarane ikkje skal betale for meir enn den medgåtte tida til ein timepris på kring 400 kroner.
Meir spiselege prisar
Den neste telefonen gjekk til regiondirektør for Mattilsynet i Buskerud, Vestfold og Telemark, Kristina Landsverk. Ho var ikkje på kontoret sitt i Bø og kunne difor ikkje svare konkret om gebyrsatsane. Men ho opplyste at tilsynet onsdag hadde hatt eit møte med fleire organisasjonar innan landbruk og matproduksjon.
Dei prisane ein kom fram til der var meir spiselege enn det fyrste framlegget til gebyrsatsar. Det er gjort ein del grep, blant anna blir det operert med maksimalsatsar. Prinsippet er at det skal betalast etter medgått tid, fortel Landsverk.
Høyringsframlegg
Prosjektleiar Rolf Gran ved hovudkontoret i Mattilsynet, som held til i Oslo, fortel at det har vore ei høyring der eit nytt framlegg til gebyrliste er lagt fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje konkludert med endelege satsar, men biletet generelt sett viser lågare gebyr enn det fyrste framlegget, forklarar han.
Kva må ein småskala matprodusent ut med dersom han til dømes skal starte osteproduksjon?
Gebyret for godkjenning av produksjon, foredling og omsetning er 800 kroner. Avgifta er den same dersom ein produsent som alt er godkjent skal starte med eit nytt produkt, opplyser han.
Når det gjeld ekstrautgiftene som pelsdyrnæringa får, slik Asbjørn Tveit hevdar, seier Gran at det er Landbruksdepartementet, ikkje Mattilsynet, som har gjort den vurderinga.
Her er nok òg gjort ei vurdering av ressursbruken. Viser det seg at gebyra er sette for høgt vil dei bli justerte, seier han.
I dag har pelsdyrnæringa eige apparat som tek seg av både laboratorie- og veterinærteneste. I fylgje Asbjørn Tveit i Jakob Tveit AS har Mattilsynet vedteke at ikkje-mat-produserande dyr som rev, mink og kjæledyr, skal betale inn 18-20 millionar kroner årleg som skal vere med og finansiere den statlege nyetableringa.
Nå får pelsdyrnæringa ekstrautgifter på fleire millionar kroner for å vere med på noko me tek hand om sjølve ved å ha eige apparat. Det er eit sjokk at etableringa av Mattilsynet skulle råke pelsdyrnæringa også. Ekstrautgiftene me blir pålagte er negative for ei næring som er i konkurranse med nabolanda. Elles veit me ikkje om me får att noko for dei millionane me blir kravde av tilsynet, seier Tveit.
Flytte papir
Han finn det også urimeleg når ei næring som tek avfall andre ikkje vil ha, blir pålagt å betale millionar av kroner til Mattilsynet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mattilsynet er å byggje opp eit byråkrati me ikkje har bruk for. Det er nok folk som flytter papir. Mattryggleik høyrest veldig flott ut, men har du høyrd om nokon som er blitt matforgifta i Noreg? Stortingspolitikarane har blitt lurt til å etablere Mattilsynet. Dei har fått beskjed om at det blir effektivt og betre å slå saman alle tilsyna. Eg trur Mattilsynet blir ei dyr løysing for samfunnet og næringane, seier Tveit.
For norsk pelsdyrnæring er i alle fall Mattilsynet eit byråkrati me godt kan klare oss utan, avsluttar Asbjørn Tveit i Treungen.