Nye hender ved roret rundt rådsbordet
Frå nyttår starta Anne Aasmundtveit i jobben som regionrådsleiar i Vest-Telemarkrådet. Etter fem veker har ho skrapa i overflata og blir framleis kjent med jobben. Kjeda seg har ho ikkje gjort eitt minutt.
– Eg har store sko å fylle, seier den nye rådsleiaren.
Ho tar imot VTB på det nye kontoret i Telemark Næringshage i Kviteseid sentrum. Namnskiltet til den førre rådsleiaren har enno ikkje blitt tatt ned, og det er mykje å setje seg inn i med ny jobb, vedgår Aasmundtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er frykteleg godt arbeid som er gjort før meg, og eg vil prøve å vidareføre det med respekt og engasjement. Eg er kjempeheldig som har Ole Dalen (utviklingsleiar i rådet) med meg. Han har arbeidd i rådet i seks år, er veldig flink og aktiv, og han lærer meg opp.
Lengta til byråkratiet
Eit søk i arkivet til VTB vitnar om at Aasmundtveit har ein interessant CV også før ho tok til i jobben som rådsleiar. I 1998 blei ho tilsett som dagleg leiar for selskapet Kviteseidbyen BA, seinare hadde ho ulike leiarstillingar i Kviteseid kommune og dei siste seks åra har ho vore leiar av Granvin kulturhus AS i Seljord.
– Eg kjente litt til Kjell Gunnar Heggenes og rådet frå den tida eg jobba i Kviteseid kommune, og såg at stillinga som rådsleiar blei lyst ut, men søkte ikkje med ein gong. Fordi eg sat i styret til VTNU (Vest-Telemark næringsutvikling), blei eg invitert til rådet som tilhøyrar. Der høyrte eg på diskusjonane om næringsutvikling og ulike prosjekt og tenkte at her var det mykje nytt, men også mykje kjent. Det høyrtes framleis utruleg spennande og interessant ut. Då kjente eg ei lengsel tilbake til byråkratiet, fortel Aasmundtveit og ler.
Stillingsannonsen låg framleis ute, Aasmundtveit søkte og nå finn ho seg til rette på kontoret Kviteseid.
Pådrivar for samarbeid
For den jamne vesttele kan det kanskje vere litt vanskeleg å forstå, og få auge på kva det eigentleg er Vest-Telemarkrådet og rådsleiaren gjer.
– Me, altså utviklingsleiar, Ole Dalen og meg, skal bygge opp om samarbeidet i Vest-Telemark, me skal informere politikarane i formannskapa og kommunestyra og vere ein katalysator for samarbeid. I tillegg skal me følgje med på kva som skjer og fange opp endringar, både innanfor politikken og i næringslivet, og me skal legge til rette med lokale ressursar, fortel Aasmundtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
I stillingsskildringa til rådsleiaren står det mellom anna at «leiaren skal arbeide aktivt i høve til politikarane i regionen og utarbeide uttaler frå regionen». Ei av sakene som ligg på pulten til Aasmundtveit i desse dagar er regjeringas forslag om å gå frå den eksisterande ordninga med postombering fem dagar i veka, til annankvar dag. Det er eit forslag som ikkje fell i god jord hos rådsleiaren. Ho meiner det set arbeidsplassar i Vest-Telemark på spel, og at det er viktig at regionen uttalar seg.
– Eg meiner dette kjem altfor tidleg. Posten tenker bedriftsøkonomi i denne saka, og samfunnsmessige gode blir tatt bort. Nå skriv eg eit høyringsutkast og argumenterer for saka vår som eg legg fram for rådet og får innspel frå dei, før me sender det til samferdselsdepartementet.
Ei anna sak er kampen for å behalde Mattilsynet i Seljord.
– Mattilsynet har fått kutt i budsjettet, og må spare pengar. Derfor er det eit forslag om å legge ned Mattilsynet i Seljord, og flytte det til Bø. Det er klart me vil kjempe for at det skal bli i Seljord, det er noko alle kommunane i Vest-Telemark ønskjer.
Ei anna sak som har blitt diskutert både i lokalavisa og truleg over ein del kaffikoppar rundt om i Vest-Telemark på nyåret, er samarbeidet om felles Nav-kontor.
– Det er ei viktig sak. Lokalisering er ofte det vanskelegaste i saker som dette, og skapar ofte litt drøfting, men me i rådet blandar oss ikkje i lokaliseringsspørsmål.
Samarbeidet i Vest-Telemark står generelt sterkt, men i nokon enkeltsaker har kommunane motstridande interesser.
Mange moglegheiter
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho vaks opp på Abildsø i Oslo, men far hennar er frå Ordal i Kviteseid, og i dag bur ho på plassen som i barndommen var hytta til familien.
– Då eg var student var eg mykje i Ordal i feriane medan eg jobba på hotellet i Morgedal. Frå 1991 til 1998 arbeidde eg som lærar på ein vidaregåande skule i Oslo, og då hadde eg lange feriar og var også mykje i Ordal.
Aasmundtveit trefte ein mann i Ordal også, og på nittitalet flytta ho til bygda og slik blei feriestaden heimstaden.
Ho påpeikar at ho har vore her lenge, og nå er ein av arbeidsoppgåvene hennar å få fleire til å gjere som henne. I arbeidsprogrammet til Vest-Telemarkrådet for perioden 2016-2017 er det fyrste målet å «oppretthalde og auke folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark». Tala viser at fleire av kommunane slit med dette, og folkesetnaden blir også eldre.
– Dei trendane me ser i folketalsutviklinga er berre trist, og å snu trendar er ikkje lett, men me kan ikkje gje oss for det! Me må gjere oss smekre og lekre for at folk vil flytte hit, og det er mange som alt bur her og Vest-Telemark skal vere ein god stad å bu.
Aasmundtveit har stor tru på at digitaliseringa vil skape mange moglegheiter, også innanfor arbeidslivet.
– Eit døme på ei verksemd som har lykkast er IT-selskapet NC Spektrum som held til i dette bygget. Det spelar inga rolle kvar ein bur så lenge ein har internett, og det gjer oss mange moglegheiter.
– Framhald følgjer
Artikkelen held fram under annonsen.
Kartet over kommune-Noreg har endra seg den siste tida. Ingen av kommunane i Vest-Telemark blei slått saman i kommunereforma, men Aasmundtveit trur likevel ikkje den ballen ligg daud.
– Med dagens regjering trur eg ikkje den debatten er over. Framhald følgjer.
Ved inngangen til 2020 blir Telemark og Vestfold slått saman til ein region. Enno er mykje rundt samanslåinga uvisst.
– Me har ikkje dradd bekymringskortet enno, men det er mange usikre moment. Eit døme er korleis skjønnsmildar blir tildelt. Me er veldig fornøgde med den ordninga me har i dag, det er kort veg til fylkeskommunen og me har god kontakt, og håpar den eksisterande ordninga vil halde fram.
Forgjengaren til Aasmundtveit, Kjell Gunnar Heggenes, hadde ei klar oppmoding til ordførarane i Vest-Telemark då han gjekk av, om at det er viktig å halde saman.
– Det er eit klart mål og ønske at me skal halde saman. Me kan ikkje sitje på kvar vår tue. Det er ikkje fleire folk her enn at me må arbeide saman, slår Aasmundtveit fast.
– Er dette ein jobb du legg frå deg når du kjem heim?
– Eg har ikkje gjort det enno. Det er så mykje å setje seg inn i, og lesa seg opp på. Men eg må jo gjere andre ting også. Eg går turar og ser på Broen, og eg er veldig glad i å følgje med på kva som skjer i nyheitene, og i desse tider er det mykje som skjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein god stad å bu
Årets Vest-Telemarkkonferanse blei arrangert i Vrådal siste dag i januar, dagen etter VTB trefte rådsleiaren. 150 personar var påmelde til konferansen, og Aasmundtveit er imponert over at konferansen framleis er så populær og relevant den femtande gongen den blir arrangert. Det ligg mykje arbeid bak eit slik arrangement, og det er ikkje lenge til planlegginga av neste års konferanse tek til. På årets konferanse skulle ho dele ut namnelappar, og ho såg fram til å lære og kjenne nye namn og ansikt.
Som rådsleiar har ho mellom anna ansvaret for den daglege drifta av rådet, prosjektansvar for aktuelle prosjekt og sit i ulike utval. Ho jobbar på tvers av både fag og kommunar.
– Kvifor ville du ha denne jobben?
– Eg har lyst til å vere ein del av dette fellesskapet, arbeide for at Vest-Telemark skal vere ein god stad å bu med gode kommunale tenester, eit godt næringsliv og ikkje minst eit godt kulturliv.
– Du har ikkje kjeda deg enno?
Ho ler.
– Ikkje eitt minutt!