Nye titlar å kjempe om for Krog
Minitour i Finland og trøyer for beste hoppar og langrennsløpar er nyvinningar i verdscupen i kombinert til vinteren.
Det internasjonale skiforbundet (FIS) har gjeve grønt lys til to nye endringar for kombinertsporten frå denne sesongen. På det årlege haustmøte i Zürich blei det laurdag bestemt å innføre ein opningstour den fyrste verdscuphelga for vinteren.
Lillehammer neste år
Artikkelen held fram under annonsen.
I år er det finske Ruka som vil arrangere den fyrste utgåva 24.–26. november. Neste år er planen å arrangere etappekonkurransen på Lillehammer.
Magnus Krog er glad for endringane.
– Minitour i Ruka blir veldig spennande. Det er supert at det blir litt ekstra trykk og ramme rundt verdscupopninga, seier Krog.
30-åringen tok sin fyrste verdscupsiger i 2011 i Nord-Finland og veit han må prestere på sitt beste før jol for å kunne ta ein av dei fire plassane på det norske OL-laget.
– Målet er å vere i så god form i verdscuprenna før jol at eg kan bli tatt ut før nyttår. Då må eg på pallen, helst vinne, sa Krog til VTB i sommar.
Det er to verdscuphelger på Lillehammer og i Ramsau før nyttår.
LES OGSÅ:Kombinertutøvarane mistar reserve i OL – Irriterte på IOC
Blir avgjort ved verdscuppoeng
Artikkelen held fram under annonsen.
Kombinertutøvarane har dei siste fire åra hatt samanlagtkonkurransen «Nordic triple» i austerriske Seefeld. I motsetning til den vil touren i Ruka berre bli avgjort gjennom utdeling av verdscuppoeng, og alle startande får delta i dei tre konkurransane.
Helga i Ruka vil starte med eitt hopp i storbakken og fem kilometer i langrennssporet. Dei to neste dagane blir det ordinære konkurransar med avsluttande ti kilometer langrenn.
Vinnaren er den som sit igjen med flest verdscuppoeng etter helga, og ikkje fyrstemann i mål den siste dagen, som konkurranseforma er i Seefeld.
LES OGSÅ:Får tips frå Sundby om småbarnslivet
Nye trøyer å vinne
Nytt komande sesong er også spesielle startnummer for både den beste hopparen og langrennsløparen i kombinertfeltet. Den beste hopparen skal gå med blå trøye, og den som har samla flest poeng i skisporet, får ei raud leiartrøye.
Etter verdscupfinalen vil begge vinnarane få nærmare 60 000 kroner.
– Det kjem til å gje litt ekstra merksemd til beste hoppar og løpar, og med farge på startnummeret vil det bli enkelt å sjå for både TV-sjåarar og publikum. Me testa det ut i Sommar Grand Prix i slutten av september, og me trur det blir veldig bra, seier Krog som er på veg til samling på breen i italienske Val Senales.
Artikkelen held fram under annonsen.
Krog hevda seg ikkje i toppen av dei to renna i slovenske Planica i slutten av september. Høysekken gjekk inn til 19. og 27. plass i konkurransane der Magnus Moan var sterkast båe dagar.