Nynazistsamling på grendehuset
I dyrskuhelga var grendehuset på Vefall Brekke i Seljord arena for «kampdagane» til ein nynazistisk organisasjon.
Medlemmar av den nynazistiske organisasjonen som kallar seg «Den nordiske motstandsbevegelsen» var samla i Seljord 9.–11. september. Der disponerte dei grendehuset på Vefall Brekke for å ha førelesningar og trene på sjølvforsvar, ifylgje nettsidene deira der dei fortel om dei såkalla «kampdagane». Det var Telemarksavisa som fyrst omtalte at organisasjonen hadde hatt treff i Telemark.
Skal ha styremøte i grendelaget
Leiar i Vefall Brekke grendelag, Lene Braaten, er ordknapp om aktiviteten som var på grendehuset dyrskuhelga, men varslar at temaet er på styrets agenda.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me skal ha styremøte i kveld og eg vil ikkje kommentere saka før me har hatt møte, seier Braaten til VTB måndag.
– Kan du seie om det var lokale eller utanbygds folk som leigde huset?
– Det var ein person som leigde det. Eg vil vente med å seie meir til styret har snakka saman i kveld, seier Braaten.
Politiet var orientert
Leiar for politiet i Midt- og Vest-Telemark, Sigrid Dahl, stadfestar at politiet var orientert på førehand om at den nynazistiske organisasjonen kom saman på grendehuset i Vefall Brekke førre helg.
– Kva tenker politiet om at denne type aktivitet blei halde på Vefall Brekke?
– Det er ytrings- og forsamlingsfridom i Noreg, svarar Dahl, men legg til at dette er eit miljø som politiet fylgjer med på.
Politiet var ikkje i spesiell kontakt med gruppa som var samla på Vefall Brekke, og ynskjer ikkje å seie noko om kor mange menneske som var samla der.
VTB har forsøkt å kontakte organisasjonen for å få svar mellom anna på kvifor dei valde å bruke Vefall Brekke som arena, og om dei har medlemmar frå Seljord og omegn. Då avisa gjekk i trykken måndag ettermiddag hadde me førebels ikkje fått svar.